Eit uthus brende ned, men bustadhuset like ved vart berga.
Eit uthus brende ned, men bustadhuset like ved vart berga.

Berga bustadhus ved Brekke

Full uttrykking til Brekke i dag, der eit uthus/garasje vart totalskadd. Raskt arbeid frå mannskapa hindra brannen i å ta med seg bustadhuset like ved.

– Me fekk kjølt ned bustadhuset, der berre eit vindauge sprakk av den høge varmen. Det vart arbeidd godt av dei fyrste mannskapa som kom på plassen, opplyser brannsjef Hans Petter Bjånesøy i Austevoll brann- og redning i det legevaktbil køyrde frå staden klokka 15:15.

– Uthuset vart totalskadd. Me kan ikkje seia noko om årsaka til brannen enno, seier han samstundes.