Over. Modell frå Hardangerbrua henta frå Statens Vegvesen si tekniske brosjyre frå Hardamgerbrua. Hovudspenn 1310 m

Nederst: Fritt teikna etter same modell, med hovudspenn 1600 m frå Tobbholmaen til Flyglandsværområdet (Redigering RH)
Over. Modell frå Hardangerbrua henta frå Statens Vegvesen si tekniske brosjyre frå Hardamgerbrua. Hovudspenn 1310 m Nederst: Fritt teikna etter same modell, med hovudspenn 1600 m frå Tobbholmaen til Flyglandsværområdet (Redigering RH)

Lesarinnlegg:

8,2 milliardar kroner?

I Marsteinen 25. februar kunne me lesa om at ny bru frå Austevoll til Tysnes kunne kosta 8,2 miliardar kr. Dette i følge kalkylar som Hordfast-leiar Øyvind Hallraker presenterte i møte på kommunehuset. Vidare la han også fram alternativ der ein heller koplar seg på Hordfast med ferje.

Hardangerbrua som opna i 2013 kosta i 2013 kr 2,5 miliardar kroner inkludert tunnelar og tilførselsvegar.  Om ein leikar seg litt i kartet slik eg har gjort ser ein at ei hengebru over Langenuen på det kortaste strekket berre vert 300 m lenger.

Det kan hende at dette fører til at brua må verta breiare med til dømes tre køyrebanar i stadenfor to, men det virkar uansett urimeleg at ei brukrossing over Langenuen skal koste 5,7 miliardar meir.

Alternativet med ei hengenbru frå Søre Tobbeholmane krev også fritt fram bruer mot nordre Tobbeholmane fram til Huftarøy og ny veg fram til eksisterande vegar i Husavik eller brekke, samt ny veg til Flyglansvær fram til planfritt kryss her, som for ordenskuld då bør flyttast frå nordre rekstern til Flyglansver. Eventuelt kan ein ha endå lenger hovudspenn anten med hengebru eller flytebru frå Huftarøy eller nordre Tobbeholmane om dette vert rimlegare, men då med endå meir spekatkuler bru.

Enkel illustrasjon teikna i Google maps: (RH) Gul linje gjer kortast hovudspenn.

Det var og gledelig å lesa i førre Marsteinen at Helge André Njåstad trur det er realistisk med bru og nemer at ein tenkjer seg at dette vert langt rimlegare enn dei kalkylane Hallraker la fram. Om det vert flytebru, kanskje med same teknologi som den over Bjørnefjorden eller ei hengebru er det same, men det hadde vore kjekt om ein kunne sett meir på dette og ikkje berre lent seg på kalkyane frå Halleraker som kanskje var i høgaste laget. Er viktig å arbeida med dette no. Ei samtidig bygging medan Hordfast pågår ville jo vore for det beste. Cowi har no fått oppdraget med å laga reguleringsplanen. Her må kommunen følga med og be om at ein regulerer inn kryss mot Austevoll og då gjerne der tunnelen kjem ut ved Flyglansvær og ikkje nord på Rekstern dersom dette vert rimeligere og meir realistisk.

Om ein går for ny fergestrekning, dog mykje kortare, vil ein likavel utsetja på ubestemt tid å gjera Austevoll landfast med dei moglegeitane dette kunne ført med seg.

RH