Det var i 60-sona frå Haukanes i retning Haukanesmarka det lokale politiet kneip sju trafikkantar for høg fart mellom klokka 15 til 16:30 fredag. Politibetjent Svein Storebø fortel at dei truleg kunne flagga ned dobbelt så mange om dei hadde hatt nok mannskap med seg.
– Ein førar fekk lappen inndrege og vart meldt til politiet. Han vart målt til 80 kilometer i timen, og hadde allereie seks prikkar. Med tre nye, oversteig han grensa, seier Storebø til Marsteinen.
Dyrt å køyra for fort
I tillegg vart det fire førarar som fekk med seg eit førelegg på 2250 kroner for å ha køyrt i 70, ein som fekk 4050 kroner i bot og to prikkar for 75 kilometer i timen. Ein bilist fekk 5850 i bot og tre prikkar for ein fart på 77 kilometer i timen.
– Me har fått mange klager om høg fart på dette strekket, særleg i samband med ferjer som skal gå og vekeslutt. Bilistar må ta omsyn, halda seg til fartsgrensa og visa omsyn til mjuke trafikkantar, som me sjølv såg ser seg pressa i til å gå ned i grøfta viss bilane kjem susande forbi.
Trass i tidspunktet med ferja, var det berre to av dei som vart vinka inn som faktisk skulle med henne.