Det går mot halvering av ferjeprisane etter at stortingsfleirtalet vart samde i kveld. Arkivfoto: Geir Einarsen.
Det går mot halvering av ferjeprisane etter at stortingsfleirtalet vart samde i kveld. Arkivfoto: Geir Einarsen.

Semje om ferjeprisane

Seint måndagskvelden vart det kjent at stortingsfleirtalet har landa ei avtale om å redusera ferjeprisane allereie i år.

– Dete er positivt at partia på Stortinget som har sagt dei vil ha lågare ferjepriser kvelden før saka skal opp i nasjonalforsamlinga har funne saman om ein ordlyd, seier Helge André Njåstad (Frp).

I dag er det klart at stortingsgruppene i Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt kjem til å fremja eit felles forslag om ferjepriser i Stortinget i morgon 23. februar: «Stortinget ber regjeringen komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett 2021 med forslag til reduserte fergetakster allerede for inneværende år, og en forpliktende plan for halvering av fergepriser på både riksveg- og fylkesvegsamband. Løsninger for lavere takster for pendlere skal prioriteres og reduksjonen skal finansieres av staten.» Forslaget vil dermed få fleirtall i Stortinget, heiter det i ei pressemelding. Forslaget vil bli stemt over i samband med behandlinga av økonomiske tiltak i møte med pandemien, som skal opp i Stortinget i morgon, 23. februar 2021.
– Eg skulle gjerne sett at vårt forslag som ville betydd lavere priser 1. mars blei vedtatt. Men no blir det i år og då kjem eg sjølvsagt til å helsa heim frå talarstolen i morgon, seier Helge André Njåstad til Marsteinen.