Det er denne gjengen som skal styra skuta frå Austevoll i Fjord Maritime AS. Frå venstre: Daniel Tveit Haugland, Raymond Olufsen, Vidar Rabben og Tommy Tveit Haugland framfor maskinen.
Det er denne gjengen som skal styra skuta frå Austevoll i Fjord Maritime AS. Frå venstre: Daniel Tveit Haugland, Raymond Olufsen, Vidar Rabben og Tommy Tveit Haugland framfor maskinen.

Satsar i Austevoll

Fjord Maritime AS opnar ny avdeling i Austevoll. Dagleg leiar Vidar Rabben er glad for at verksemda hans slår rot i heimkommunen.

Det er nærast jubelstemning i dei nye lokala til Fjord Maritime AS i Alfabygget på Storebø. Verksemda til austevollingen Vidar Rabben og kompani har hatt ein enorm suksess dei siste åra.

– I frå at me i 2018 hadde ei omsetting på 4 millionar, hadde me i fjor, 51 millionar å visa til. For 2021 har me budsjettert 122 millionar kroner, gliser Vidar Rabben stolt. Saman med austevollingen Stig Kalvenes og Øyvind Bakke starta han i 2016 firmaet som då primært skulle elektrifisera havbruksnæringa. Gründerane hadde erfaring og røter frå havbruksnæringa sjølve, og hadde dermed den spisskompetansen dei trong for å spesialisera seg. Den gongen med hovudmål om at kundane deira skulle spara pengar.

– Etterkvart så har det vorte langt meir enn det. No byrjar klima og miljø å bli ein viktig del av det me kan tilby. Ved å bruka restkapasiteten som er igjen på generatorane til å lada batteria, samstundes som generatoren mater resten av anlegget med elektrisitet, kan me redusera drivstofforbruket til kundane med opptil 60 prosent, fortel Vidar. Det utgjer i snitt 150 tonn mindre CO2-utslepp per flåte.

Reduserer utslepp

Det var dermed ikkje utan grunn at dei nyleg stakk av med andreplassen i Drivprisen. Ein grøn innovasjonspris i Vestland.

– Fjord Maritime sine installasjonar har redusert CO2-utsleppet med om lag 9.350 tonn, som tilsvarer reduksjon av utslepp frå om lag 4 600 personbilar (per november 2020), skreiv juryen i forklaringa si.

Den grøne fargen er etterkvart vorte kjenneteiknet til Fjord Maritime. Her vert integrasjonsskapet kopla opp av Fjord Hybrid med utstyr på ein oppdrettsflåte.

– Me har vunne òg vore nominert i fleire prisar. Mykje av grunnen er nok at me kan tilby eit kinderegg. Me sparar miljøet for store utslepp, kundane sparar pengar på blant anna drivstoff, og me skapar trygge arbeidsplassar internt, seier Vidar. Ikkje nok med det, verksemdene som køyrer løysingane til selskapet får tjue timar mindre med støy i døgeret frå dieselgeneratorane.

– Me sel tre forskjellige pakkar. Fjord Hybrid, Fjord Energy, og Fjord Control. Her tilbyr me elektrifisering, digitalisering og ikkje minst overvaking og vedlikehaldsstyring av teknisk utstyr, forklarar Vidar.

Enorm vekst

Mange av tenestene dei tilbyr har kome på plass det siste året. I motsetning til fleire som har slete gjennom koronaåret, har den vesle verksemda gått frå seks til 13 tilsette. Vidar reknar med dei vil landa på om lag 15 personar i månadane som kjem.

– Dette er mykje av grunnen til at me no kan slå røter for ein ny avdeling i Austevoll. Hovudkontoret er framleis i Bergen, men no ekspanderer me til Måløy og her lokalt, seier han. Tre av dei som er vorte fast tilsett i dei nye kontora til Fjord Maritime her på øyane er Tommy Tveit Haugland, Daniel Tveit Haugland og Raymond Olufsen.  Alle er tilsett det siste året.

– Tommy har vore med oss heile vegen gjennom eige firma, men ved årsskiftet i 2021 kjøpte me alle aksjane i firmaet hans, og tilsette han på fulltid. Han driv med software og programmering, seier Vidar. Det vil seia at han bruker maskinen si til å laga system som vert brukt på flåtane. Dette kan til dømes vera ein kommunikasjonsmodul, ein pc om du vil, som snakkar med generatorane og batteria om bord og sender informasjonen vidare til dei som sit på overvaking og vedlikehaldsstyring. Dermed kan Fjord Maritime fjernstyra og lesa av feilmeldingar frå maskinen sin, og hjelpa kunden som om dei skulle vore om bord på sjølve flåten.

– Me håpar å kunna ta fatt på andre bransjar òg. Etterkvart kan me tenkja oss å få til utsleppsfrie byggeplassar, men det er framleis i fram i tid. Me ser lyst på framtida og gler oss til å bidra med gode løysingar for det grøne skiftet, avsluttar Vidar.