- Påstand om at rådmann (administrasjonen) har gitt innsyn i dokumentet til to politiske parti, og ikkje til andre, er ikkje korrekt.
- Det er ei alvorleg skulding å hevde at administrasjonen ikkje er i stand til å handtere sakene på ein rettferdig måte.
- Det følgjer av god presseskikk at slike alvorlege påstandar i pkt 1) og 2) skal leggast fram for den skuldingane blir retta mot – dette er ikkje gjort av Marsteinen.
- Sakleg og lik behandling er ein føresetnad for kommunen si verksemd også når det gjeld ulovlegheitsoppfølging. Rådmannen har lagt fram ei sak som starta med at kommunen sjølv erkjente feil og manglar, nettopp for å sikre likebehandling og føreseieleg sakshandsaming i desse krevande sakene. Det er gjort eit godt arbeid frå flinke medarbeidarar som ikkje fortener at slike påstandar kjem på trykk utan tilsvarsrett.
