Arbeidarpartiets transportpolitiske talsperson Sverre Myrli vil prøve å få opposisjonspartia til å samle seg om eit felles ferjeforslag. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Arbeidarpartiets transportpolitiske talsperson Sverre Myrli vil prøve å få opposisjonspartia til å samle seg om eit felles ferjeforslag. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Nye ferjesamtalar på Stortinget

Arbeidarpartiet har invitert Framstegspartiet, Senterpartiet og SV til møte for å gjere eit nytt forsøk på å bli samde om ferjeprisane.

Møtet mellom dei fire opposisjonspartia er planlagt måndag klokka 15, får NTB opplyst.

– Det er openbert eit fleirtal i Stortinget for lågare ferjeprisar. Alle opposisjonspartia meiner det. Då bør me syta for å få eit fleirtal for det, seier transportpolitisk talsperson Sverre Myrli i Arbeidarpartiet.

Bakteppet er at Ap, Frp og Sp alle har gått inn for å minst halvera ferjeprisane.

Dei tre partia har fleirtal saman på Stortinget, men kniving dei imellom om nøyaktig korleis ferjeløftet skal formulerast, har ført til at ingen forslag så langt har fått gjennomslag.

Saka kjem på spissen tysdag når Stortinget i plenum skal votera over den nye krisepakken til regjeringa for norsk økonomi.

Der ligg tre separate ferjeforslag inne, to frå Frp og eitt frå Ap.

Myrlis håp er at opposisjonen no skal klare å skrive seg saman om eit felles forslag.

(©NPK)