Noreg aksepterer ikkje at EU har gitt seg sjølv kvotar til å fiske i farvatnet rundt Svalbard. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Noreg aksepterer ikkje at EU har gitt seg sjølv kvotar til å fiske i farvatnet rundt Svalbard. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

Noreg protesterer mot EU-fiskekvotar ved Svalbard

Noreg seier det er uakseptabelt at EU har fastsett eigne fiskekvotar i fiskerivernsona ved Svalbard. Dette er Noregs suverene rett, seier fiskeriministeren.

EU har gitt seg sjølv ein kvote på 28.431 tonn torsk i sona. Det ser Noreg svært alvorleg på, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) i ei pressemelding.

– Noreg protesterer mot EUs einsidige kvotefastsetjing. Dette er heilt uakseptabel framferd. Dette strid mot Noregs suverene rettar etter havretten, og det er berre Noreg som kan tildele EU fiskekvotar i området. Eg har derfor gjort det klart overfor EU at alle fiske utover Noregs kvotetildelingar vil vera ulovleg og vil bli handheva av Kystvakta på alminneleg måte, seier statsråden. Torsdag møtte han EUs fiskerikommissær Virginijus Sinkevicius.

Noreg har tildelt EU ein kvote på 17 885 tonn. Historiske tal for britisk fiske ved Svalbard dannar ikkje lenger grunnlag for EUs kvotar etter at britane gjekk ut av unionen.

EU, Storbritannia og Noreg forhandlar for tida om fiskeriavtalar for 2021. Dei vil fastsetje kvotar for felles bestandar og avgjere spørsmål om tilgjenge til fiskerisonene til kvarandre og kvotebyte. Ingebrigtsen og Sinkevicius var samde om at det må bli fortgang i desse forhandlingane.