Helge André Njåstad manglar tillit til administrasjonen
Helge André Njåstad manglar tillit til administrasjonen

Njåstad manglar tillit til administrasjonen

Eit Excel-ark med 100 moglege brot på plan- og bygningslova set sinna i kok i Framstegspartiet. Partiet har ikkje trua på at administrasjonen vil handsama sakene rettvist, og ynskjer fullt innsyn i reknearket. Tillegg: Rådmann Bjarte Madsen reagerer på skuldingane.

Rådmann Bjarte Madsen i Austevoll kommune reagerer på nyhendesak i Marsteinen torsdag 11. februar 2021, på papir og PDF

  1. Påstand om at rådmann (administrasjonen) har gitt innsyn i dokumentet til to politiske parti, og ikkje til andre, er ikkje korrekt.
  2. Det er ei alvorleg skulding å hevde at administrasjonen ikkje er i stand til å handtere sakene på ein rettferdig måte.
  3. Det følgjer av god presseskikk at slike alvorlege påstandar i pkt a) og b) skal leggast fram for den skuldingane blir retta mot – dette er ikkje gjort av Marsteinen.
  4. Sakleg og lik behandling er ein føresetnad for kommunen si verksemd også når det gjeld ulovlegheitsoppfølging. Rådmannen har lagt fram ei sak som starta med at kommunen sjølv erkjente feil og manglar, nettopp for å sikre likebehandling og føreseieleg sakshandsaming i desse krevande sakene. Det er gjort eit godt arbeid frå flinke medarbeidarar som ikkje fortener at slike påstandar kjem på trykk utan tilsvarsrett.

– Me vil ha den same informasjonen som Høgre og Arbeidarpartiet sit på. No vert det nekta oss, og me får ikkje utført ombodsrolla vår, seier Helge André Njåstad i Framstegspartiet. Han meiner det er eit sentralt demokratisk prinsipp at politikarane sit på same informasjonsmengda, og får støtte av partikollega Renate Møgster Klepsvik.

I plan- og byggjeutvalet i førre veke vart det kjent at administrasjonen opererer med eit rekneark med oversikt over potensielle brot på plan- og bygningslova.

– Me bad om å få sjå dette synderegisteret kommunen har over innbyggjarar som har fått mistanke mot seg om ulovleg bygging, seier Møgster Klepsvik i ein kommentar.

I lista skal sakene vera klassifisert etter kor alvorlege dei moglege brota er. Framstegspartiet reagerer altså sterkt på at ordførar Morten Storebø (H) etter alt å dømma har informasjon som opposisjonen manglar. Krav om innsyn vart avslått av kommuneadministrasjonen i eit brev datert 8. januar 2021.

– Eg manglar tillit til at administrasjonen handterer sakene godt nok. Det er blitt altfor mykje juss og for lite funn fornuft i desse sakene. I staden for å senda brev med varsel om tvangsmulkt, må me invitera folket på ein kopp kaffi og diskutera tiltaket dei dreiar seg om. Planpolitikarar må vera med på desse møta, seier Njåstad, som er blitt kontakta av rasande innbyggjarar som har fått kvasse brev i posten frå plan- og byggjesaksavdelinga.

Avslaget

Kommunen meiner at excel-arket ikkje er å rekna som eit saksdokument, men er utforma til si eiga saksførebuing (offentleglova paragraf 14) og at det i tillegg innheld namn og nummer på menneske som er mistenkte for å ha brote plan- og bygningslova. Vidare viser dei til offentleglova sin paragraf 24, som opnar opp for slike opplysningar inntil saka er avgjort. Likevel skriv plan- og byggjessjef Sunniva Skålnes Samdal at dei til neste møtet skal gjera klar ei anonymisert oversikt over innkomne meldingar, som difor ikkje er i konflikt med paragrafane ovanfor.

– Det er ikkje godt nok. Me vil kunna gå inn i kvar sak og vurdera kor alvorleg ho er. Eg trur ikkje det kan vera snakk om 100 veldig alvorlege saker, men noko som kan løysast med å møta innbyggjarane på ein betre måte, seier Njåstad. Avslaget vert no klaga på av Møgster Klepsvik og han sjølv.

Austevoll-ordførar Morten Storebø (H) seier han ikkje har sett den omtala lista, men berre har høyrt noko om omfanget av sakene. Med 100 saker på lista, meiner han det er urimeleg om politikarane skal makta gå inn i kvar sak.

– Normalt sett er det administrasjonen som handterer saker, og rådmannen som fremjer saker som treng politisk avklaring, seier Storebø. Han legg til at det er naturleg at ein arbeider for å møta innbyggjarane betre enn det som er gjort så langt.

– Fyrst må kommunen klargjera fakta saman med grunneigar, og deretter kan ein trekkja konklusjonar som eigaren framleis må ha høve til å imøtekomma, avsluttar Morten Storebø.