– I løpet av eit par timar reknar me med å ha vanleg drift i sambandet, seier operativ leiar Bjørn G. Barstad til Marsteinen klokka 13 laurdag. MF «Husavik» måtte takast ut av drift etter problema med MOB-båten.
Barstad seier at dei arbeider med å få tak i ny styrekabel eller eventuelt setja MF «Sulafjord» inn i drifta på sambandet, om det ikkje går.
Laurdag ettermiddag var det atter drift i sambandet.