Systemet skal ha redusert talet på døde rovfuglar med 82 prosent i ein vindpark i den amerikanske staten Wyoming, beståande av vindturbinar med ein rotordiameter på 82,5 meter.
Vindturbinar er livsfarlege for fuglar som flyr langs kysten. I Noreg har ein enkelt vindpark på 68 turbinar tatt livet av 49 havørn i ein periode på sju år. Ei undersøking nordaust i Tyskland viste at 137 havørn vart drepne av vindturbinar frå 2002–2017. Tuppen av ein turbinvenge kan bevega seg i 200 km/t.
Biolog ved det danske ornitologiske samfunn Knud Flensted strekar under at problemet som har størst betydning for fuglane, iallfall i Danmark, er at vindturbinar som er sette opp på havet, skremmer endene som leitar etter mat i området, skriv TU.