Tolv plastsekkar er så langt samla inn. Her har Hilde Elisabeth med god hjelp sortert tomme boksar og flasker for seg. Foto: Privat.
Tolv plastsekkar er så langt samla inn. Her har Hilde Elisabeth med god hjelp sortert tomme boksar og flasker for seg. Foto: Privat.

Hilde treng alle tomflaskene ho kan få

Saman med Team Rynkeby har Hilde Elisabeth Klepsvik mål om å samla inn ei tomflaske per innbyggjar i Noreg. Pantekronene skal gå til Barnekreftforeningen.

 

Sykkellaget Team Rynkeby er kjent for sine innsamlingar til forsking på barnekreft. Hilde Elisabeth stiller som Austevoll sin representant frå laget, og var ikkje vond å be då ein kar frå laget i Haugesund kom opp med ein idé om å samla inn ei tomflaske per innbyggjar i Noreg til Barnekreftforeningen.

– Målet er å få alle kommunane i landet med på dette. Eg samlar inn for Austevoll og har eit mål om å setja øykommunen vår på kartet, seier den ivrige syklisten. Ho har fått lov å samla inn tomflasker hos Extra Austevoll. Panten kan du setja frå deg i butikken sine opningstider.

–  Fyrstkommande fredag vil eg dessutan vera fysisk til stades frå føremiddagen og utover ettermiddagen. Då håpar eg på store mengder pant, seier Hilde Elisabeth.

Hentar gjerne

Allereie har Hilde Elisabeth levert frå seg tolv sekkar med pant.

– Eg er ikkje i tvil om at me skal nå målet. Austevollingane har lenge vist at dei klarar alt dei vil, seier ho.

Dersom du helst ikkje ynskjer å dra til butikken med flaksene sjølv, har representanten ei løysing på det òg.

– Det er berre til å ringa om eg skal koma heim og henta panten, seier Hilde Elisabeth engasjert. Ho fortel om ei god dugnadsånd, der det heile mest av alt er kjekt.

– Me sorterer og pakkar om. Det å kjenna at alle kan bidra med både stort og smått, gjer det lettare å hiva seg med gang etter gang.