Foto av FrP sine topp 4 i Hordaland. Helge Andre Njåstad, Silje Hjemdal, Sigbjørn Framnes og Stig Abrahamsen. Foto: Framstegspartiet.
Foto av FrP sine topp 4 i Hordaland. Helge Andre Njåstad, Silje Hjemdal, Sigbjørn Framnes og Stig Abrahamsen. Foto: Framstegspartiet.

Frå pressemelding:

Framstegspartiet overbyr Arbeidarpartiet

Ikkje før hadde Arbeidarpartiet slått fast at dei vil arbeida for å halvera ferjetakstane, før Framstegspartiet like godt vil gjera det gratis, går det fram av ei pressemelding fredag.

– Fremstegspartiet vil gjera alle ferjereiser gratis. Partiet foreslår halvering av prisen med ein gong, seier listetoppane frå Hordland i ei pressemelding fredag.

Helge André Njåstad seier at dei ynsker at ferjene skal vera ein del av vegen og gratis for alle enten det er riksveg- eller fylkesvegsamband.
– FrP foreslo i statsbudsjettet vårt for 2021 å bruka 200 millionar på å setja ned prisane. No vil me bruka endå meir, skriv kvartetten Helge André Njåstad, Silje Hjemdal, Sigbjørn Framnes og Stig Abrahamsen.
Allereie i handsaminga av den neste av krisepakken i Stortinget vil Framstegspartiet foreslå å halvera prisen.
– I programmet for neste stortingsperiode går me inn for at ferjene skal vera gratis. Ferjer er ein del av vegen. Ein betaler allereie avgift for å bruka han, avsluttar Njåstad.