Bioingeniør og vaksinekoordinator Ann Kristin Fagerbakke fortel at kommunen denne veka starta vaksinering av befolkninga over 85 år, som ikkje bur på institusjonar.
– Personar som bur sør for Storebø har blitt vaksinert i heimane sine. Heimesjukepleien og sjukepleiarane Mona Troland og Turine Gloppen i Primærhelseteamet var på heimebesøk og vaksinerte. Neste veke blir det vaksinert på Storebø, Torangsvåg og Bakkasund, og dermed skal alle over 85 som ynskjer vaksine ha fått dose 1, skriv Fagerbakke til Marsteinen.
20 prosent av vaksinane kan setjast på helsepersonell, og nattevakter på PO-senteret er blitt prioriterte, i tillegg til eindel helsearbeiderar på Helsehuset. Legene som er i stillingar som er vanskelig å erstatta er blitt vaksinert, vert det vidare opplyst om.
– Neste veke kan me byrja vaksinera gruppe 2 fra FHI si prioriteringsliste: Personer mellom 75 og 84 år.
Austevoll kommune har til no berre mottatt comirnaty-vaksinen frå Pfizer-BioNtech (det gjeld også for de to fremtidige forsendelsene vi har fått melding om).