I konkurranse med åtte andre selskap, blant dei Rødne Ambulanse som alt har hatt to anbodsperiodar i tenesta, var det Buksér og berging som trekte det lengste strået opm ambulansebåt i Austevoll. Selskapet er mest kjent for slepebåttenestene sine, men har òg ei stor kontrakt med Kystverket for operasjon av 20 losfartøy kring i Noreg.
Dagleg leiar Vetle J. Sverdrup seier til Marsteinen at det er ein del synergiar å henta ut mellom dei relativt raske losbåtane og ambulansefartøy.
– Dette er den fyrste reindyrka ambulansekontrakten me vinn, seier han til Marsteinen.
Ambulansebåten vert ein katamaran som i fylgje Skipsrevyen skal ha gå i 30 knop ved fulle drivstofftankar og ha ei rekkevidde på 150 nautiske mil i roleg vêr.
– Me har eir ferdig konsept som skal byggast og optimaliserast vidare, seier Sverdrup til Skipsrevyen. Designen er utvikla i samarbeid med verft og intern kompetanse i selskapet, går det fram av artikkelen.
Marsteinen kjem attende med prospekt og informasjon om fartøyet når me har det i hende frå reiarlaget. Formelt sett går klagefristen ut den 15. februar frå dei andre tilbydarane i konkurransen.
Saka er oppdatert etter beskjed frå Buksér og berging som hadde feilinformert Marsteinen. Toppfart på båten er 30 knop, men i artikkelen stod det 22 knop. Minstekrav i kontrakten er 30 knop.