Austevoll idrettsråd: Torbjørn Karlsen (t.v), Kim André Sandtorv, Birgitta Norberg og Thea Rabben.
Austevoll idrettsråd: Torbjørn Karlsen (t.v), Kim André Sandtorv, Birgitta Norberg og Thea Rabben.

Frivillige på øyane:

– Breidde i idretten er alt

Alle idrettslag skal ifølge Idrettsforbundet (NIF) sitt lovverk vera medlem av eit idrettsråd. Leiar Torbjørn Karlsen vil arbeida for best mogleg tilrettelagte idrettsaktivtetar i kommunen.

Store summar i form av ulike støtteordningar vert kvart år fordelete rundt om i idrettsklubbane for å sikra at alle barn og unge i landet skal kunna delta på like premissar. Idrettsrådet er ein paraplyorganisasjon som skal vera eit bindeledd mellom kommunen og klubbane, og fungerer som eit rådgjevande organ. Rådet skal ha tett kontakt med laga for at deira ynskjer skal telja tungt når midlar skal fordelast, og treningsaktivtetar skal koordinerast. Karlsen vart vald til leiar i oktober i fjor og har som mål å vera synleg og tilgjengeleg for laga.

Dagens styremøte er lagt til AIK sitt klubbhus på Eidsbøen, og det er ein optimistisk gjeng som vil at idrettsrådet skal bli meir frampå for å nå breitt med mandatet sitt.

– Korleis kom ditt namn opp i diskusjonen styreleiarvervet?

– Ja det lurer eg og på, skyt nestleiar Kim André Sandtorv (Hundvåkøy IL) og ser på leiaren med eit lurt smil.

Torbjørn er ein aktiv sjel i Austevoll idrettsklubb. Han er trenar for G2011 og oppmann for G2006 i AIK fotball , og er ein av trenerteamet i volleyball J2005 som blei starta opp hausten 2020. I tillegg er han leiar i volleyballgruppa.

– Eg brenn for idrett, og at ungar skal vera i aktivitet, og leiar i AIK Anne Berith Drønen spurde forsiktig om leiarvervet var noko for meg. Ho må ha oppfatta responsen som positiv, for rett etter det ringde valkomiteen, fortel Torbjørn med iver.

Birgitta Norberg frå rideklubben kjem inn saman med Thea Rabben frå Austevoll karateklubb, og dei går i gang med agendaen.

– Eg har vore med i nokre år, og eg opplever at det er mykje meir og betre kommunikasjon no. Før var det stort sett møte når det skulle tildelast midlar, seier Birgitta.

Tillitssystem

Torbjørn startar med å legga fram tal som syner verdien av dugnaden i samband med idrett her i kommunen. Over 12,6 millionar kroner var engasjementet frå foreldra og eldsjeler verdt i 2019. Og den positive lesinga vert forsterka av at det har vore ein auke på over ein million frå førre året.

– Desse tala er alt i frå kaffikok til trenargjerningar, og eg må seia at det er imponerande når ein ser på storleiken på kommunen, seier leiaren og peikar på storskjermen.

Styret lyt finna ei ordning med fordeling av midlane klubbane kan få i frå det kommunale inkluderingsfondet. Pengane skal gå til å mellom anna dekka kontingentar dersom økonomien i ein familie ikkje strekk til.

– Det har vore utfordrande å komma fram til korleis dette skal handsamast. Me har ikkje innsyn i andre sin økonomi, og me har då landa på eit tillitssystem der leiaren i ei gruppe melder inn trongen til oss, og så må me godkjenna dette etter kriteria som me har sett. Me vil ha ein god dialog med foreldra for å finna ut kva me kan gjera for dei, og tilpassa etter behov. Dette blir ei prøveordning, og det kjempeviktig å komma i gang når det ligg pengar klar til formålet, fortel Kim André.

Karate i rullestol

Lokale aktivitetsmidlar (LAM) er ein annan pott som skal gå til å fremja idrett og aktivitet. Storleiken er på over 422 000 koner og er fastesett av Kulturdepartementet. Pengane vert delte på dei lokale klubbane etter medlemstal og alder.

– Dersom klubben din har lyst visa fram idretten så er det LAM-midlane som skal hjelpa til med å halda kostnadane nede. Ta til dømes karate. Vil de arrangera open dag for alle og alt er gratis kan de få støtta til dette gjennom LAM, seier Karlsen engasjert med blikket på Thea.

Karateklubben som starta opp att for nokre år sidan hadde ikkje tenkt på dei blei automatisk medlem i Idrettsrådet når dei registrerte seg i Norges idrettsforbund, og Thea er glad for at automatikken slo inn.

– Eg kom med i styret samstundes som Torbjørn, og har fått opp augo for kva rådet kan bidra og hjelpa klubbane med. Det er så bra at det er fokus på å inkludera alle, og utfordingar med til dømes hørsel, syn og kroppslege handikapp må få den støtta som trengst. Eg såg nyleg ein video av ein som trena karate i rullestol. Då tenkjer eg at det meste er mogleg, fortel ho.

Nettportal

Idrettsrådet gjev si innstilling til fordelinga av dei kommunale idrettsmidlane, og her skal rådet komma med høyringsinnspel basert på innspela dei får.

– Me skal vera der for klubbane som eit samla organ som får fram ynskja deira. På den måten kan politikarane få eit godt grunnlag når dei skal fordela midlane, seier Torbjørn og syner tala som gjeld for i år.

Målsettinga om å bli meir synleg krev at ein er lett tilgjengeleg, fortrinnsvis ei heimeside som er både oppdatert og blir administrert.

– Det er bra om me får opp ein nettportal der alt er samla med lenker og tips for medlemmane. Eg har undersøkt litt, og dette kostar pengar, men eg tek på meg her og no å prøva å skaffa sponsor til dette. Me kan ikkje venta lengre, seier ein handlekraftig og optimistisk Karlsen.

Norges idrettsforbund ynskjer at alle saker som er av felles interesse for idretten i ein kommune, skal formidlast til kommunen gjennom idrettsrådet.

– Me skal behandla tema som utbygning av idrettsanlegg, fordeling av bruk av idrettsanlegg, eller arrangement og koordinering av frivillig innsats. Me er klare for å hjelpa til med å sikra at klubbane i kommunen skal halda eit høgt aktivitetsnivå med så låge kostnadar som mogleg, avsluttar Torbjørn.