Team Podtown. Frå venstre Eirik Kalve, Kjetil Haugland og Cathrine Østervold.
Team Podtown. Frå venstre Eirik Kalve, Kjetil Haugland og Cathrine Østervold.

Trivst godt i ukjent farvatn

Podtown, med hovudkontor på Kvaløya på Bakkasund, er midt i ei rivande utvikling som selskap. Intensjonen til gründer Eirik Kalve er vera marknadsleiar.

Utanfor Grieg gaarden i Bergen sentrum står Kalve velkledd og smilande. Frå første setning har han meg fanga med engasjement sitt. Det krev stor tru på seg sjølv om ein idé skal bli til eit nyskapande produkt. Der vegen blir til medan ein går. Eirik hadde arbeidd fem år som inspektør i Grieg Star då han kom fram til at han ville gå all in med Podtown. Vel vitande om risiko og talet på timar med innsats som låg føre sa han opp jobben.

– Det var då prototypen var ferdig at eg verkeleg såg at dette kunne bli til noko større. Det er mykje som skal klaffa for å lukkast, og det er naudsynt å få med investorar i ein tidleg fase, seier Eirik på veg opp til eit konferanserom.

Nett no sit Cathrine Østervold og Kjetil Haugland i videomøte med ein potensiell kunde, og Eirik er tydeleg spent på å høyra utfallet.

– Det er ei som representerer eit oppdrettselskap som er på tråden. Dei er interesserte i eit nytt skalerbart prosjekt som Podtown har presentert, ivrar Eirik og ser nervøst mot møterommet.

I lokala i Bergen sentrum skal Eirik Kalve og Podtown nå ut i verda med produkta sine. – Logen vår skal vera lika kjent som Apple sin, meiner han.

Verdas fyrste?

Til å begynna med såg han berre for seg å levera mobile overnattingsløysingar til festivalar og andre hendingar der ei seng kan vera umogleg å oppdriva. I fjor rulla Podtown ut 200 modular på 15 lastebilar til sju store arrangement.

– Me såg ut som eit sirkus på turné, ler Eirik.

Stuntet resulterte fleire bestillingar, og då 2020 starta hadde dei ordrar som dekka heile sommaren.

– Det var uverkeleg då me innsåg at alt blei kansellert. Og ikkje har me fått økonomisk stønad frå staten eller Innovasjon Norge, så kva gjer ein då? sukkar han.

I djupe kriser kjem ordtaket det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko i bruk for å gje eit glimt av håp. No fekk Podtown-teamet tid til å sjå på kva retning selskapet bør gå, og satsingsområde med uløyst potensiale fekk større fokus. I dag er dei i forhandlingar om levering til mellom anna Forsvaret og oppdrettsnæringa. Og ikkje minst kanskje Noregs fyrste container-bustad bygd og godkjent etter byggeforskrifta tek17.

– Banken hadde gitt beskjed at det var umogleg å få hus med tomt for under tre millionar. Med vår løysing gjekk dette fint, og kunden får realisert draumen om eigen bustad oppfylt til sommaren. Faren til vedkommande er pensjonert byggmeister og var mektig imponert over prosjektet, fortel Erik med stort engasjement.

På teikningane han viser fram er det ikkje mogleg å sjå at bygningen er samansett av tre gjenbruks-containerar.

– Materiala som vert nytta er vald ut for at konstruksjonen skal vera brannsikker og miljøvenleg, legg han til.

Verdas fyrste kontainerbustad? Huset står uansett ferdig sommaren 2021. Illustrasjon: Podtown

Travel kvardag

Ut frå møterommet kjem to blide andlet noko som Eirik raskt bit seg merke i.

– Det gjekk bra, ja?

– Kunden ville ha det til sommaren, så det må skje noko innan kort tid. Dei såg òg på eit anna tilbod, men eg fekk inntrykk av at ho var begeistra for løysingane og ikkje minst fleksibiliteten dei får, seier Kjetil.

– Det var er positiv tone, legg salsmedarbeidar Cathrine til.

Dei tre utgjer sals-teamet i Podtown, og nyleg blei det bestemt at det er sal som er kjerneverksemda.

– Me skal berre tenka på å skriva flest mogleg kontraktar med kundane, og så skal dei norske samarbeidspartnarane setta saman produktet etter Norsk Standard. Alt er definert til minste detalj, og kunden får ein pris å halda seg til, ivrar Eirik.

Kjetil er frå Bergen og då han søkte på jobb hos gründer Kalve var fleire ting som gjorde at han takk ja til stillinga som salssjef.

– Det verka gøy, og eg fekk trua på produktet med det same. Det å få vera med frå starten i eit firma med stort potensiale var fristande, smiler han.

Han hadde eit agentur på sal av bustader då han tok steget inn på stien til Eirik.

– Erfaringa han har med seg er gull verdt for Podtown. Og det føyer seg litt inn i korleis me tenkjer. Leverandørane våre har spesialkompetanse på sitt felt, og då kan me konsentrera oss om å utvikla produktet til å bli det beste alternativet i fleire segment i marknaden, seier Eirik.

Cathrine byrja i mars 2019 og vart litt overraska over omfanget av Kalve sin aktivitet.

– Det var så mykje meir enn eg trudde, men så har det jo skjedd ein heil del på kort tid. Kvardagen vår er mildt sagt travel, og me jobbar tett på kvarandre. Takhøgda er stor og tonen mellom oss god. Me har det rett og slett gøy på jobb, konstaterer Cathrine.

Flexipod

Inne i møterommet skal dei neste timane gå til strategisk planlegging. Diskusjonen er i gang og straks fyk idéar og meiningar over bordet.

– Me må utforma ein tekst som er forankra i kva type selskap me er, og kva me vil med produkta våre. Og folk må gidda å lesa han, inkludert oss sjølve, smiler Kalve lurt.

I mars neste år skal Eirik, saman med Grieg Strategic Services til Tallinn i Estland for å syna fram og forsøkja å selja inn ein Flexipod på den største militærmessa i Europa.

– I mine auge er dette det mest spennande no. Her skal det vera ti sengeplassar per pod, og det er umogleg å få avgassar inn i eininga. Dette blir løyst med hjelp av mellom anna sju luftfilter. Det kan vera mørklagd med røyk utanfor, men innvendig er det frisk luft, fortel han og peikar på teikningane.

Det er imponerande å sjå kor mange ulike fagområde Eirik må ha inngåande kjennskap til, og han snakkar like lett om røyrsystem som byggeforskrifter.

– Eg er vane med å setja meg inn i reglar og lovverk frå tida eg arbeidde med shipping, men ja, eg byrjar å få god innsikt i diverse, seier han medan møtet vert avslutta.

Morten Prestøy i TAB AS er imponert over Eirik sitt nyskapande konsept, Podtown.

– Innovativt og spesielt

No går turen full fart opp mot Nordåsvatnet for å få status på podane som er bestilt i samband med eit planlagt prosjekt for BUA og SnapNap i Austevoll, og skal vonleg realiserast til neste år. Containerane skal stå attmed gamle kommunehuset på Storebø. Firmaet TRB AS driv med prosjektadministrasjon og syt for at Eirik får inn søknadar og dokumentasjon som er i tråd med krav og forskrifter.

– Eg ønskjer å samla all prosjektering under eit tak, slik at eg berre har éin kontaktperson på den biten, seier Eirik som går rett på sak med stor iver.

Fagterminologien går sin gang og Morten Prestøy i TRB synest Kalve og Podtown er spennande.

– Dette er veldig innovativt og spesielt. Eg likar nye løysingar, og det er kjekt at Eirik valde oss som partnar, fortel Prestøy når Erik har gått gjennom prioriteringslista.

Tida fyk og Eirik må vidare til neste avtale. Dottera treng hjelp med julepakkar på hybelen i Loddefjord.

– Det er utruleg spennande tider for Podtown akkurat no. Eg vonar at 2021 blir det fyrste året med pluss i rekneskapet, smiler Eirik og hastar av garde.

Det skal no ikkje stå på vilje og innsats tenkjer eg og rullar i motsett retning.