Neste gruppe som får covid-19-vaksinen er bebuarar på omsorgsbustadane på bryggja i Bekkjarvik og på Prestaneset. Arkivfoto: Trond Hagenes.
Neste gruppe som får covid-19-vaksinen er bebuarar på omsorgsbustadane på bryggja i Bekkjarvik og på Prestaneset. Arkivfoto: Trond Hagenes.

Vaksineoppdatering

Storebø bryggje og Bekkjarvik bryggje neste

Vaksinane mot covid-19 har ikkje akkurat fått bein å gå på. Berre 23 bebuarar ved pleie- og omsorgssenteret er fullvaskinerte. I neste veke planlegg kommunen å setja i gang vaksinering av dei eldste i omsorgbustadane på Bekkjarvik og Storebø bryggje.

Bioingeniør og vaksinekoordinator Ann Kristin Fagerbakke i Austevoll kommune kjem med denne oppdateringa til Marsteinen.

– No har alle bebuarane på PO moteke dose 1, og 23 bebuarar (ca halvparten av dei) på PO har fått dose 2. Alle bebuarar på omsorgsbustadane Soltun og Birggittun har fått dose 1.

– I veke fem mottek me fire hetteglass, tilsvarande 20-25 doser. Desse vil gå til dei på 85+ som bur i omsorgsbustadane på Storebø bryggje og Bekkjarvik bryggje. Me har inntil vidare ikkje fått noko info om leveringar etter uke 5.

– Også prioritert helsepersonell i stillingar som er vanskelig å erstatta, og helsepersonell som er særlig utsatt for smitte har motteke dose 1, skriv Fagerbakke.