Lokalavisa si nettside vart mykje lest i 2020. Frå før har me sett særleg fiskerisaker er interessante langt utanfor Austevoll, og det viste seg å vera sant i 2020 òg. Då ringnótaren «Slaatterøy» fekk kraftig slagside ved kai vart den klikka på av 12,666 personar. Medan Jan Thomas sitt besøk på Storebø skule òg genererte mange klikk – tredje mest med 11 584, var resten av toppsakene relaterte til pandemien. Oppdatering: 94 i karantene (11 863), Austevolling testa positivt – fleire i karantene (10 200), Koronasmitte påvist i Austevoll (9 316), Ny smitte i Austevoll (8,784) kom på dei neste plassane.