– Me skulle gje yngstemann kveldsmat og leggja han. Då set me Sky ut i luftegarden. Klokka 20, då eg førebudde meg på å gå tur med han, var hengjelåsen klypt, halsbandet med namn og kontaktnummer forsvunne teken av og lagt attende i hundegarden, seier Ola Haraldseid etter ei søvnlaus natt med lysing og køyring langs vegane.
– Eg melde frå til politiet nesten med ein gong, då eg såg korleis nokon hadde teke seg inn i hundegarden, seier Haraldseid sundag.
Sundag rundt lunsj vart Sky funnen mørbanka på Hufthamar. Han halta og ynka seg når eigaren klemde på brystkassen.
– No dreg eg rett heim og skiftar og hiv meg på fyrste ferja til veterinæren på Stord, seier eigaren mildt letta, men framleis uroleg for hunden sin.