Generalsekretær Bente Buer i Norsk Friluftsliv er samd i dette. Ho meiner det går ut over både friluftslivet og naturen vår.
– Det er eit nasjonalt mål at alle innbyggjarane skal ha god tilgang til strandsona. Trass i byggjeforbodet i 100-metersbeltet, er det likevel areala langs sjøen som er under sterkast utbyggingspress her i landet, seier ho.
Buer meiner det er naudsynt med ei innstramming av lovverket som skal verne strandsona, og ikkje ei oppmjuking. Ho viser til at regjeringa i fjor foreslo ei endring i plan- og bygningslova, som inneber at kommunane vil få større handlingsrom i dispensasjonssaker.
Ho meiner ei slik endring vil vere dårleg nytt for naturen og friluftslivet.
<p>(©NPK)</p>