Kommuneoverlege Inger C. Uglenes har hatt ei avgjerande rolle under pandemien med ei ekstra stor arbeidsbelastning. Arkivfoto: May Linn Clement.
Kommuneoverlege Inger C. Uglenes har hatt ei avgjerande rolle under pandemien med ei ekstra stor arbeidsbelastning. Arkivfoto: May Linn Clement.

Kommunen klarar seg ikkje utan doktor Uglenes

Saman med ein rekkje kollegaar stiller Austevolls kommuneoverlege Inger C. Uglenes seg bak ei uromelding til statsforvaltaren i Vestland (tidlegare fylkesmannen) om arbeidsmengda som fell på yrkesgruppa.

Berre på tre månadar i starten av pandemien arbeidde ho 200 timar overtid, skriv Bergensavisen, BA. I lita utstrekking vart det kompensert økonomisk for arbeidsmengda. Belastninga for familielivet er stor, og Uglenes seier at kommunen er avhengig av at ho er på jobb.
– Blir eg langtidssjukemeldt, klarar ikkje kommunen seg utan meg. Sånn er det i mange kommunar, seier ho til BA.

Lyset i enden av tunnellen er at det vert avsett meir ressursar til ein auka stillingsprosent i samfunnsmedisin, som Marsteinen har omtala tidlegare.

Rådmann Bjarte Madsen skryt av arbeidskapasiteten til kommuneoverlegen, og seier han er evig takksam for innsatsen hennar.

– Kommuneoverlegen har hatt den største belastninga [under pandemien]. At presset og kravet har vore så sterkt heile tida, uroar meg. Ho har gjort ein strålande jobb, som eg er evig takksam for, seier Madsen til BA.