Madeleine Veivåg i Arna-Bjørnar-drakta. Foto: Arna-Bjørnar
Madeleine Veivåg i Arna-Bjørnar-drakta. Foto: Arna-Bjørnar

Klar for Arna-Bjørnar

Madeleine Veivåg (20) signerte i helga ein to-års kontrakt med Toppserieklubben Arna-Bjørnar. Målet er å etablera seg på fyrstelaget.

Det er ei blid Madeleine som snakkar med Marsteinen få dagar etter at overgangen var eit faktum.

– Eg ser på dette som neste steget i karrieren min som fotballspelar, og har eit sterkt ynskje og mål om å nå så langt som mogleg med fotballen, konstaterer ho.

Tysdag hadde ho fyrste trening med laget i Vestlandshallen, og Veivåg er bra nøgd med gjennomføringa.

– Det var godt å komma i gang. Eg kjenner fleire spelarar og folk i trenarapparatet frå før, og det var kjekt å møta gjengen, held Madeleine fram.

Allsidig spelar

Hovudtrenar i Arna-Bjørnar Toppfotball, Remi Natvik, meiner signeringa er spanande og gler seg til sesongen startar 20. mars.

Madde har ein ung alder, men har allereie opparbeidd seg masse erfaring. Ho har ein fin fot, gode offensive eigenskapar, og er motivert til å utvikla seg vidare. I tillegg er ho ein person som er veldig framoverretta og på høgget, seier Natvik engasjert.

Madeleine er tiltenkt ei rolle på midtbanen, men er i fylgje trenaren ein allsidig spelar som like godt kan spela i forsvaret.

– Me har fleire nye fjes hos oss i år både frå inn og utland, og eg meiner me er betre rusta i kampen om ein god tabellplassering i år enn tidlegare. I Toppserien er det ti lag, og me tek sikte på å blanda oss inn i kampen om topp fire, held Arna-Bjørnar-trenaren fram.

Tid for miljøbytte

Veivåg har vore i Sandviken toppfotball sidan 2016, og førre sesongen enda laget på ein fjerde-plass på det øvste nivået.

– Eg følte at det var rett tid for eit miljøbytte, i tillegg er Arna-Bjørnar kjend for å vera ekstremt flinke på spelarutvikling.

Madeleine har satsa for fullt på fotballen sidan ho flytta til Bergen.

– Eg prioriterer fotballen framfor alt anna, seier Veivåg med stort engasjement.

Ved sida av trening studerer ho arbeids- og organisasjonspsykologi, men noko trenarkarriere fram i tid ser ho ikkje for seg.

– Eg får ikkje håpa at eg ender opp med å gå den vegen, ler ho.

Målsettinga for den kommande sesongen er å ta det siste steget og bli ein dominerande Toppserie-spelar.

– Eg vil spela alle kampane og bidra med alt eg kan for at Arna-Bjørnar skal ta flest mogleg poeng i serien, avsluttar Veivåg med iver.