Brugde verkar å bli meir vanleg langs norskekysten. Ei vaksen brugde er vanlegvis 8-10 meter lang. Når ho et, svømmer ho nær overflata med gapet ope, og silar ut plankton gjennom gjellegitteret. Foto: Chris Gotschalk / Wikimedia Commons / Public Domain
Brugde verkar å bli meir vanleg langs norskekysten. Ei vaksen brugde er vanlegvis 8-10 meter lang. Når ho et, svømmer ho nær overflata med gapet ope, og silar ut plankton gjennom gjellegitteret. Foto: Chris Gotschalk / Wikimedia Commons / Public Domain

Havforskingsinstituttet: Folkeforsking gir fantastiske resultat

2021–2030 er FN sitt internasjonale havforskingstiå. Folk over heile kloden er engasjerte i å rydda havet for plast og anna skrot, men det er alltid ekspertisen som viser korleis me best kan bidra. I denne artikkelen, der det følgjer med faktaboks og 11 bilete, har me snakka både med direktør og forskarar ved Havforskingsinstituttet.

– Langs kysten har vi mange folkeforskarar. Folk er så interesserte i havet. Og om ein tar folkeforsking seriøst, så gir det fantastiske resultat, seier Sissel Rogne, direktør ved Havforskingsinstituttet.

På Flødevigen, ein av dei tre nasjonale forskningsstasjonane til Havforskingsinstituttet, blir ho kvar sommar ringt opp av folk som ivrar etter å fortelje om noko dei finn i trålen, noko dei får i garnet, på fiskekroken eller finn langs brygga.

Frå før har det vore mogleg å registrere det ein finn på Havfunn. Men forskarane såg eit behov for å systematisere alle funna, og engasjere heile kystnoreg til å bli folkeforskarar fordi dei trong meir kunnskap. Det vart til portalen Dugnad for havet.

Der kan ein gå inn og registrere at ein har sett til dømes forskjellige maneter, korallar og fiskeartar. Ein kan registrere talet på arten, storleik, og legge inn bilde. Til dømes når ein kjem ned til bryggekanten og ser at det ikkje er nokon blåskjel eller at det har vorte fleire manetar.

– Med løysinga skal du kunne gå ned til brygga kvar 1. juli eller kvar Sankthans, og seie – ser eg blåskjel? olbogeskjel? maneter? Da får vi ein tidsserie frå år til år.

Med det håper Rogne at det kan bli ein generasjonstradisjon, at folk sjekkar ved strandkanten kvar sommar, og kanskje òg haust, vinter og vår. Det vil hjelpe forskarane å få eit bra overblikk over til dømes kor blåskjela forsvinn, og kor det dukkar opp algar.

Stillehavsøsters er rekna som ei miljøutfordring i norske farvatn, samtidig som han er ein ressurs. Østersen er observert i Sør-Noreg og i Møre og Romsdal. Van der Meeren trur han snart blir å sjå i midt-Noreg. Foto: Espen Bierud / HI

Lengste kysten i verda

Gro van der Meeren ved Havforskingsinstituttet er utdanna økolog, ein som forskar på samanhengar i naturen. I jobben gir ho råd til styresmaktene om korleis dei best skal forvalte havet. Ho forklarer at forskinga deira vil bli betre om dei får hjelp frå folk flest.

– Vi har den lengste kysten i verda, og har ansvar for eitt av dei største havområda. Sjølv om vi er ein stor forskingsinstitusjon, har vi ansvaret for å rapportere for alt som skjer, og da treng vi hjelp. Med hjelp frå publikum vil vi kunne lære meir, seier van der Meeren.

Ho fortel at når folk melder inn artar dei finn i fjæra eller frå båten, blir det ofte òg ein dialog mellom forskarar og folk som melder inn. Ho håpar og trur difor òg det kan vere lærerikt å vere med på folkeforskingsprosjektet.

– Det er så verdifullt og spennande det vi har av kyst og hav rundt oss, så vi vil gjerne dele. Om ein ikkje veit kva som er verdifullt, så tar ein heller ikkje vare på ting, seier ho.

– Jo meir ein kjenner til havet jo meir set ein pris på det. Vi som jobbar som havforskarar, har djup respekt for alt som er der og kor viktig det er, seier van der Meeren.

Nye artar

Det er god grunn til å setje pris på havet. Størstedelen av kloden vår er hav. Og havet styrer temperaturar og vindar, noko som gjer at vêret i stor er grad påverka av tilstanden i havet. Havet er ein gedigen varme- eller kuldebank, som hindrar enorme temperatursvingingar.

Havet er òg viktig for alt frå kosthald til klima til reint vatn.

– Hadde det ikkje vore liv i havet, hadde det ikkje vore liv på land. Alt liv kjem derifrå opphavleg, minner van der Meeren om.

For å ha luft å puste i, må vi ha planteplankton, dei mikroskopiske plantane i havet. 50–60 prosent av oksygenet vi pustar inn, kjem frå planteplankton.

Sjøanemone er ein av artane du kan registrere på portalen til Havforskingsinstituttet. Foto: Espen Bierud / Havforskningsinstituttet

Endringar

Eitt av måla i prosjektet er å observere endringane som skjer. Stigande temperaturar gjer at artar som før treivst lenger sør, kjem lenger og lenger nord. Det kan forstyrre balansen og øydelegge for dei artane som allereie er her.

– Det er store endringar. Vi ser at krabbar og fisk som trivst kaldt, trekker lenger nord, og at artar som før var gjestar frå det sørlege Atlanterhavet, no slår seg til her, seier van Meeren.

Til dømes kryp den berykta Stillehavsøstersen oppover kysten. Forskarane ventar at han har snart er å sjå i Midt-Noreg. I tillegg kjem det nye krepsdyr, og nye krabbeartar. Sverdfisken er òg oftare å sjå langs norskekysten enn før. Tradisjonelt høyrer han til i Midt-Atlanteren mellom Karibihavet og tvers over Atlanteren til Sør-Europa.

– Om nokon ser ein sverdfisk, eller ein brugde, er det veldig gøy å vite, seier van Meeren.

Nokre av artane ein finn, kan ein registrere som enkeltobservasjonar. For andre artar som blåskjel, østers, tang og tare og algeoppblomstring, ønsker forskarane hjelp til å utføre regelmessige observasjonar. Søppel er det òg ein eigen meldeknapp for, så forskarane skal kunne vite meir om korleis dei kan førebygge forsøplinga.

– Ein kan velje om ein vil registrere kvar månad eller sjeldnare. Skolar kan setje opp ein tidsserie. Det kan ein òg gjere om ein har ei dagbok i fiskebåten, fortel van der Meeren.

Mål om kunnskap

2021–2030 er òg utpeikt som FN sitt internasjonale havforskingstiår, der kunnskap om havet er eitt av måla.

– Det er viktig å forstå kva betydning havet har. Døyr havet, døyr vi. Dersom folk er interesserte og har kunnskap om kor viktig havet er for jordkloden, tek dei vare på det. På same måte som når ein er glad i naturen- da kastar ein ikkje søppel der, seier Rogne.

Ho meiner Dugnad for havet er eit vinn vinn-prosjekt, der ein får til engasjement, at det hyggeleg og morosamt for folk, og at ein samtidig tar vare på havet. Og med den relativt nye portalen som framleis er i utvikling, ligg alt til rette.

– No kan ein registrere så mykje meir. Vi har ein stad for folkeforskinga vår. Om du er interessert kan du bli ein havforskar, og vi treng deg, seier Sissel Rogne.

Fakta folkeforsking:

Ein forskingsmetode i sterk vekst, særleg der målet er å samle inn og rapportere data om økologiske forandringar.

Artsregistrering i artsdatabanken er det største prosjektet i Noreg og har gått føre seg i fleire år. Der er det gjort over 19,5 millionar artsobservasjonar.

Forskingskampanjen «Finn framande arter» retta mot skolane, vart i 2020 arrangert av Forskingsrådet, Miljølære ved UiB og Artsdatabanken.

Miljolare.no har fleire folkeforskings-prosjekt som inviterer til samarbeid mellom forskarar, organisasjonar og skolar som «Undersøk marint avfall», «Hagefugltellingen», der dei inviterer til samarbeid mellom forskarar, organisasjonar og skolar som «Undersøk marint avfall», «Hagefugltellingen» med fleire.

I Dugnad for havet samarbeidar Havforskingsinstituttet òg med Vitensentra rundt om i landet, som har laga eit opplegg for skolane.

Kjelde: Forskingsrådet