Saka har forgreiningar til Bergen, og dei som stod bak den planlagde plantasjen er ikkje å rekna som austevollingar. Lokaliteten som var planlagd til å bruka til «drivhus» var leigd på øyane.
– Me fann mørketelt og varmeelement i ein slik storleik at det står klart at det ikkje var tenkt til privat bruk, seier Mjåtvedt i Austevoll-politiet til Marsteinen. Nærare informasjon ynskjer dei ikkje å gje, delvis grunna etterforskinga og for å skjerma utleigare.
– Ein kan setja opp slike anlegg kor hen som helst. Det viktigaste for aktørane er av det er avskjerma for innsyn, meiner Mjåtvedt, som mest av alt er glad for å stogga plantasjen før han kom opp og gjekk.