Rykta går om at skipet kan innehalda tungtvatn.
Totalt skal ein styrke på 16 Mosquito jagarbombarar vera med i åtaket. To norske Mosquitoar frå B-wingen på basen skal vera stifinnarar: Dei kjenner kyststripa si betre enn nokre andre. Dessutan kjem seks fly frå 143-skvadronen, deriblant skvadronleiar «Maurice», som i flyet med kjennemerke NE-K skal leia åtaket. Maurice er kodenamnet for franskmannen Max Guedj, og i dag flyg han det 150. toktet sitt mot fienden.
– Kjem det tyske jagarfly, kjem desse til å komma frå sør, derfor etter åtaket bryt me av nordover, seier franskmannen til dei andre flygarane. I fylgje etterretninga skal det ikkje vera tyske einingar ved flyplassen på Herdla, nord for Askøy. Franskmannen Max Guedj er på sett og vis ei levande legende, ikkje berre er han utdanna advokat frå Paris, men hadde òg ei aktiv rolle i flyåtaket på den tyske kryssaren «Prinz Eugen» i mai i 1943. Han har i tilegg det høgthengjande Distinguished Flying Cross for evna si til å leia andre flygarar i kamp. Maurice er fødd i den franske kolonien Tunisia av jødiske foreldre.
Fire fly frå 235-skvadronen skal òg vera med på åtaket, og fire frå 248. Dei sistnemnde er utstyrte med 57-millimeters Moulin-kanon i nasen, det gjev dei namnet TseTse. Eit formidabelt våpen, som er som hand i hanske for å gå til åtak på skip med. Det er då òg nettopp det som har vore målet for desse skvadronane: Å leita opp tysk tonnasje, både ubåtar og handelsskip, langs norskekysten og gå til åtak på dei. Nordmennene i 333-skvadronem fyk tidt og ofte på utkikk etter mogleg tonnasje, og på strategiske stadar som utseglinga av Hjeltefjorden er det ofte tyske ubåtar å sjå. Dei nye rakettane med herda krigshovud er dødbringande mot tyske undervassbåtar, som framleis er ei plage for skipstrafikken til og frå Storbritannia.
Max Aitken instruerer flygarane sine om dagens mål. Detaljane har fotografen viska over med stor flid. Foto utlånt av Les Taylor.
Over Nordsjøen
Klokka 09:30 kjem karane frå 143 på vengene. Brøla frå Rolls-Royce Merlin-motorane gjev gjenklang, sjølv på det flate skotske nordaustkysten. Fem minutt seinare er resten av gjengen i lufta, og TseTse-flya frå Dallachy sluttar seg til dei.
Mosquitoen er eit eineståande fly. Ikkje berre er det for det meste bygd av tre, eit genialt trekk då det sysselset mange i det som i fredstid hadde vore Storbritannias møbelindustri. Flyet er også raskt, godt å manøvrera og veldig motstandsdyktig i nærkamp. Der fly av aluminium raskt ville gått ned, er materialane i Mosquitoen flygande sjølv etter at flisene har byrja flassa av. Baksida av medaljen er ein maskin som står seg dårleg mot eksploderande luftverngranatar, og dessutan er dei raske flya eit mareritt å naudlanda og nesten umoglege komma seg ut av med fallskjerm dersom trongen skulle melda seg.
Oppdraga på norskekysten fører med seg å føra flya berre nokre hundre fot over dei rullande bylgjene. Einskilde snakkar om 50 fot, men uansett er det ikkje rom for distraksjonar eller tekniske feil.
Det er like grått i Noreg som i Skottland. Klokka 11:10 kjem dei innover kysten ved Geitungen fyr. Dei to norske flya, det eine ført av Finn Normann Østervold sin tidlegare medelev frå Little Norway, Thore Stensrud ved stikka. Med seg om bord har han navigatør Erik Friis. I den andre flymaskinen sit kollega Kåre Sjølie frå oslo, med jærbuen Ingvar S. Gausland som navigatør.
Ein Mosquito frå 143-skvadronen vert gjort klar til tokt. Rakettar og 22-millimetrane i nasen er hovudammunisjonen. TseTse-flya med 57-millimetrane hadde ikkje rakettar. Foto utlånt av Les Taylor.
Minuttar over Leirvik
Dei to norske flya finn ikkje spor av det tyske lasteskipet verken i Skudeneshavn eller Haugesund. I Leirvik, derimot, ligg det store skipet framleis ved kai. Før Thore Stensrud får meldt frå over radioen, ser han ei enorm eldkule like framfor seg i lufta. Dei to kvartermeistrane i 333-skvadronen sin «R»-maskin døydde på flekken. Brennande tre- og metallrestar dalar mot jorda, medan dei 14 maskinane frå dei tre andre skvadronane gjer seg klare for angrepet på tyskaren. Klokka er 11:24.
Tyskarane har flytta ein del av antiluftsskytset sitt på land, og har dermed eit slags ess i ermet når dei allierte flya stuper ned mot skipa. Dei fleste konsenterer seg om hovudmålet, medan forpostbåten «Seehund» vart skoten i brann av wing commander Simmonds og navigatøren hans, pilot officer Murphy. Både rakettar, og salvar frå 20-millimetrane i flynasen fann vegen til målet.
Hovudvekta av åtakarane går mot «Claus Rickmers». Det vert fleire treff, mellom anna frå kanonen til TseTse-flyet til flight officer Peacock og Field. Ni av dei 12 skota deia trefte målet. Kanskje trengde eitt av skota inn under vasslinja òg. Etter åtaket stod mørk røyk opp 800 fot frå «Claus Rickmers», og flygarane kan òg sjå ein eksplosjon om bord. Brenn gjer òg ein mindre lastebåt, og vaktbåten «Seehund» er på veg ned ved Husøy.
Kvartermeister Ingvar S. Gausland frå Varhaug blir saman med piloten sin, Kåre O. Sjølie frå Oslo, den fyrste som døyr under flyåtaket på Leirvik hamn. Foto utlånt frå familien.
Starten av luftkampen
Etter åtaket bryt flystyrken opp i fleire delar. «A» frå 235 med Frank Chew ved stikka og Jock Couttie som navigatør er i vanskar etter å ha vorte treft av luftvernet. Med ein motor slåt ut klatrar flyet over Stord, og vert sett av kraftstasjonsarbeidar Bjarne Agdestein på Lundesæter. Han trudde mest på at flyet som spytta flammar og røyk ville styrta like ved. NE «V» med den amerikanske løytnant Alexandre ved stikka og sersjant McMullin melder frå over radioen at dei vil eskortera det skadde flyet.
Nokre av flya har vendt nasa rett vestover, etter åtaket, medan fleire har teke vegen nordover Langenuen for deretter å fyka ut Selbjørnsfjorden. Stikk i strid med etterretninga dukkar tyske jagarfly opp frå nordleg retning.
Peacock er over nordpynten av Stord då han som fyrstemann melder om åtak over radioen. «Bandits» seier Peacock over radioen. Klokka er 11:32. Det han ser er ei åtaksgruppe med tre Focke Wulf 190, ein såkalla Ketten.
Tre minuttar seinare høyrer mannskapa Maurice si stemme over radioen. «Bandits». NE «K» er no kome ut til området ved Slåtterøy. Franskmannen ber flya om å helda saman, medan dei tyske flya kastar seg over dei. Totalt har britane oppservert ni tyske fly på vengene, og eitt av dei fiendtlege trekløvera kastar seg over det skadde «A» frå 235. «V» som har fått fylgje med «F» frå same eining, kastar seg inn i luftduell med åtakarane for å verna om den skadde kameraten. Tyskarane nærmar seg frå nord, i ei høgde på mellom 300 og 1 000 fot, medan dei allierte flya har floge heilt nede på bylgjetoppane i Selbjørnsfjorden. Hawkey og Milloy om bord i «F» får eit svare strev når to av tyskarane hengjer seg på halen deira. Dei bryt styrbord, og tyskarane held seg bak inntil ei velsigna sky vert tilfluktstaden mot åtakarane.
15. januar 1945. Peacock og Field fyrer av på forpostbåten med 57-millimeteren sin. Minuttar seinare er dei fyrste flyet som oppdagar tyske jagarfly. Dei vert òg etter alt å dømma det einaste TseTse-flyet som lukkast å skyta ned eit anna fly i luftkamp.
Styrtar i sjøen
Den skadde Mosquitoen til Chew og Couttie klarer ikkje å halda seg på vengene, og må naudlanda i den iskalde januarsjøen. I aller siste liten klarar Jock Couttie å komma seg ut av vraket og opp i naudflåten. Iført berre battledressen og støvlar, tek det ikkje mange minuttane før kulda gneg inn til beinet. Dessutan har han knekt oklet. Flykamerat Chew er ikkje å sjå nokon stad.
«U» med Fitch og Parker om bord flyg saman med Maurice i «K» då tre tyskarar raskt nærmar seg bakfrå. Navigatøren ber om ein rask sving til venstre, der dei fyk i 450 fots høgde. Eine tyskaren gjer ein kvassare sving, fyrer av og treffer høgderoret, som vert delvis skote av. Skadane på flyet er store. Ein bensintank er skoten hol i, venstre venge og balanseroret er blokkert. To raske rullar må til, før Fitch får nokolunde kontroll på det skadde flyet, med hjelp frå navigatør Flight officer Parker. Akkurat då nærmar ein ny tyskar seg, og dei svingar alt dei klarar til venstre igjen.
Då ser dei to tyske fly på halen til Maurice, som ropar om hjelp. Ein av dei to tyskarane er brått rett framfor siktet til Fitch, som fyrer av ein salve på to og eit halvt sekund frå berre 100 meter. Mosquitoen ser ut til å ha treft det tyske flyet, men har sjølv ikkje rista av seg tyskaren på eigen hale. Frå under 500 meter fyrer tyskaren av salven sin, og sporlysa råkar nesten den høgre vengen deira. Tyskaren svingar brått til venstre, og dei ser to tyske fly svinga inn mot land, medan Maurice er heilt borte. Like etter får Fitch og Parker fylgje av nordmennene i «G» frå 333-skvadronen og «X» frå eiga eining.
Om bord i «F» ser Hawkey og Milloy eitt av flya frå skvadronen sin falla med den venstre motoren brennande ned i havet like sørvest om Furen klokka 11:36. Truleg er det Maurice med navigatør Langley som ikkje har klart å rista av seg tyskarane som har jakta på dei. Dei har sjølve høyrt den kontrollerte stemma til den 32-årige franske veteranen på radioen «hjelp, hjelp, hjelp!».
Også maskinen til amerikanaren Alexandre og navigatør McMullin er forsvunne. Eit lite stykke bortanfor ser fleire av dei allierte tre tyske fly som sirklar og skyt på noko i havoverflata.
Max Guedj, alias Maurice, er ute på den 150. toktet sitt i raidet mot «Claus Rickmers». Då etterretninga var feilaktig, vart det eit alvorleg feilgrep å svinga nordover i Langenuen.
Nedskyting ved Hundvåkøy
Luftkampen er rotete. TseTse-flyet til Peacock og Field er ikkje særleg veleigna til luftkamp, utstyrt med kanonen for shippingmål. Dei ligg over nordre delen av Austevoll når dei ser ein einsleg FW 190 fly inn bak ein av kameratane sine.
Med tre rundar frå kanonen skadar dei det tyske jagarflyet såpass at det snur inn mot land att. Om bord sit unge Oskar Helbing frå Heidelberg, som får vanskar med å finna ein stad å naudlanda flyet sitt. Kort tid etter deisar flyet ned i ulendt terreng ved Melingen.
Den tyske observasjonsposten på Såta nord på Fitjarøyane har sett naudlandinga til «A» frå 235, og tre tyskarar rekvirerer fiskebåten til Torkel og Harald Kvarven ved Brandasund. Etter ein stund får dei auge på ein gul gummibåt i fjorden, og dei får plukka flygaren, som ser livlaus ut, opp i fiskebåten. Etter å ha vorte pakka godt inn i ullteppe, opna Jock Couttie augo. Krigsfangenskap venta på han. Ein lukkeleg utgang, samanlikna med dei ni andre allierte flymannskapa som ikkje kom heim til basane sine i dag.
Saka vart fyrst publisert i Eit lite øysamfunn i Den store krigen 1939–45, av Finn Dyngvold og Trond Hagenes, Austevoll forlag 2010.
Kjelder:
Gunston, Bill (1985): Aircraft of World War II, Peerage Books, London
Mombeek, Eric (2011): Zur Geschichte des Jagdgeschwaders 5, Band 4, Jäger, 1944. A.S.B.L. La Porte d’Hoves, Linkebeek.
Sperbund, Halvor (2004): Brennpunkt «Westküste», Vigemostad & Bjørke, Bergen
Taylor, Les (2010): Banff Strike Wing at War – A Unique Photographic History, Halsgrove, Wellington
Operations Record Book, Royal Air Force squadron 143. January 1945. Ref: AIR 27/979/26, National Archives, Kew
Operations Record Book, Royal Air Force squadron 235. January 1945. Ref: AIR 27/1444/48, National Archives, Kew
Operations Record Book, Royal Air Force squadron 248. January 1945. Ref: AIR 27/1497, National Archives, Kew
Operations Record Book, Royal Air Force squadron 333. January 1945. Ref: AIR 27/1732/13
Internettkjelder:
http://www.vg.no/spesial/2015/vaare_falne/?personId=12623
http://www.vg.no/spesial/2015/vaare_falne/?personId=19461
Henta september 2015
Brev frå Deutsche Dienststelle, 3. februar 2010. Oskar Helbing
Personleg korrespondanse per e-post med Bengt Stangvik, september – oktober 2015.
Takk til Angelika Sallan for hjelp med research i Tyskland.