OSLO  20140213.
Professor Victor D. Norman kommer til sentralbanksjefens Øystein Olsen årstale i Norges Bank torsdag kveld.
Foto: Berit Roald / NTB/ NPK
OSLO 20140213. Professor Victor D. Norman kommer til sentralbanksjefens Øystein Olsen årstale i Norges Bank torsdag kveld. Foto: Berit Roald / NTB/ NPK

Utval trur kreative kommunar vil lokka tilflyttarar

Eit utval har det siste året sett på korleis ein skal få auka tilflytting til norske distriktskommunar. Dei ber kommunane om å vere kreative og dyrke eigenarten som vil lokke folk frå byane.

– Det har vore utruleg spennande og gøy å fordjupa seg i norske distrikt. Eg har lært meir om distrikt det siste året enn i summen av dei 74 åra eg har levd før, seier Victor Norman til Nynorsk pressekontor (NPK).

Han har leia det regjeringsoppnemnde demografiutvalet som fredag presenterte funna sine for distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Deprimerande spådommar

Norman viser til at konklusjonane dei har kome fram til i arbeidet jamt over er svært deprimerande.

– Folketalet kjem ikkje til å søkka, men det er tragedie. Få flyttar frå distrikta, men heller ingen flyttar til. Difor vil hovudtyngda av befolkninga i norske distrikt i framtida bestå av det vi kan fint kan kalle eldre folk. Me må gjera noko, sa Norman under presentasjonen.

– Kommunane må vere kreative og dyrke det særeigne ein har i sin kommune, sa han.

Får Grünerløkka til bygda

Norman er likevel optimistisk med tanke på framtida for distrikta.

– Ein av grunnane til at eg er optimist er viljen og skaparkrafta i kommunane. Slepper me kommunane litt laus og gir dei verktøy å jobba med, så trur eg mange kommunar kan utvikla seg til å bli så spennande at sjølv ungdom på Grünerløkka vil føla seg freista til å flytta meir ruralt, seier Norman til NPK.

Norman meiner norsk distriktspolitikk har fungert godt fram til no, men at me er nøydde til å endra den for å hindre ei dyster framtid i distrikta.

– Me kan ikkje berre snakke om arbeidsplassar. Dei fleste arbeidsplassane følgjer folk. Flyttar ein pensjonist til ein distriktskommune, så flyttar òg ei kjøpekraft. Pensjonisten krev ikkje jobb og har betydeleg kjøpekraft – både til kommunale tenester og til private tenester, seier han.

– Dei fleste nordmenn lever faktisk av å yta tenester til andre innbyggjarar der dei bur. Får ein litt unge folk til å flytte til bygda, samstundes som dei gamle har inntekter, så kjem jobbane. Det er ikkje mangel på jobbar som er problemet det er mangel på folk, legg han til.

Sertifikat til 16-åringar

Utvalet peikar og på ei rekke forslag til konkrete tiltak som kan gjera det meir attraktivt å busetja seg i distrikta. Blant anna peika Norman på fleire grep på å betra infrastrukturen.

– Distrikta kan ikkje fungera utan god lokal infrastruktur. Me må byggja ut breiband overalt og me må få betre vegar i distrikta. Distrikts-Noreg har for dårleg vegstandard, vegen mellom alle bruer og tunnelar og ferjer bør òg reknast som del av vegnettet. Det er ingen grunn til at ein skal måtte betala for å ta ei ferje med ledig kapasitet. Det må òg vera billig å fly i delar av landet der ein er avhengig av det, sa Norman under presentasjonen

Fleire av forslaga frå utvalet er òg retta meir konkret mot unge og mot småbarnsfamiliar

– Me indikerer at ein til dømes må få på plass gratis barnehage og SFO i distrikta og eit avgrensa førarkort for 16-åringar. Dette tenker me er spennande idear å utforska, sa Norman.