Det er ein nedgang i talet på registrerte fiskarar i år samanlikna med fjoråret. Arkivfoto: Kari Hamre / NPK
Det er ein nedgang i talet på registrerte fiskarar i år samanlikna med fjoråret. Arkivfoto: Kari Hamre / NPK

Stor verdiskaping frå fiskeri

Ålesund er kommunen i landet som har størst verdiskaping frå fiskeri, med Herøy på andreplass. Det kjem fram i ein rapport som viser kva fiskerinæringa betyr økonomisk i dei ulike fylka.

Forskingsinstituttet Nofima har saman med Menon Economics undersøkt verdiane og ringverknadene som vart skapt i norsk fiskerinæring i 2019. Rapporten ser på leverandørindustri til fiskeri og fiskeria sjølv, ikkje fiskeindustrien, skriv Sunnmørsposten.

Samla direkte sysselsetting i næringa (ikkje årsverk) var størst i Møre og Romsdal (2483 sysselsette). Bak kjem Troms & Finnmark (2262), deretter Vestland (1987), og Nordland (1904).

Fiskerinæringa, inkludert indirekte sysselsetting, stod for fire prosent for den totale sysselsettinga i Møre og Romsdal og Nordland, og fem prosent i Troms & Finnmark.

Rapporten fortel òg at kvar sysselsett i fiskerinæringa bidrar til ei verdiskaping på 1,7 millionar kroner. Det er 63 prosent høgare enn gjennomsnittet av næringslivet i Fastlands-Noreg. NPK