Det er berepose på berepose bak i den kvite stasjonsvogna til den pensjonerte fotballstjerna Claus Lundekvam, som for høvet passar godt til kjælenamnet sitt Santa Claus frå hine, hårde dage.
– Dette er litt overskot frå ei håve Psykiatrialliansen fekk frå ein Bunnpris-butikk i Øygarden, seier Claus Lundekvam, som òg arbeider for alliansen.
– Me kjem til å overrekkja desse godsakene til Hjerterom i havgapet, opplyser trioen Elise Bredahl (spesialsjukepleiar), erfaringskonsulentane Therese Sussmann-Nygaard og Claus Lundekvam.