Terje van der Meeren meiner ordførar Morten Storebø (H) har gått seg ut i hengjemyra i kråkebollesaka. Morten Storebø (H) sitt tilsvar finn du lenger ende i saka.
Terje van der Meeren meiner ordførar Morten Storebø (H) har gått seg ut i hengjemyra i kråkebollesaka. Morten Storebø (H) sitt tilsvar finn du lenger ende i saka.

Leserbrev:

Ordføreren tar feil om myr

Ordføreren er ute i hengemyren når det gjelder svaret han ga MDG i politisk kvarter, slik det er referert i Marsteinen like før jul. Kort fortalt er det direkte feil at myr og utslepp av klimagasser først ble nevnt i klagesakene til planene i Haukanesmarka.

  • I Fylkesmannen sitt brev av 04.01.2017 ved planoppstart til utreder Opus Bergen AS og med kopi til Austevoll kommune, er det et eget avsnitt om klima og energi der det blant annet står at «Kommunen skal i planlegginga si innarbeida tiltak og verkemiddel for å redusera utslepp av klimagassar…».
  • Også i Regjeringens «Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2015-2019» som gjaldt da planprosessene i Haukanesmarka startet, var myr og skog spesifikt nevnt i klimasamanheng: «Natur som våtmarker, myrar, elvebreidder og skog kan dempe effektane av klimaendringar og er viktig å ta vare på i arealplanlegginga».
  • De nye nasjonale forventningene til kommunene som Regjeringen kom med 14-05-2019, peker ytterligere på klimagassutslipp fra myr og skog: «Omdisponering av skog og myr til andre føremål bidreg til klimagassutslepp og negative konsekvensar for naturmangfald og økosystemtenester», og videre en forventning om at «Fylkeskommunene og kommunene vektlegger arbeidet med å redusere utslipp av klimagasser, inkludert utslipp fra arealbruksendringer».
  • Da kråkebolleplanen var til 1.gangs høring i januar 2019 ble viktigheten av myr som karbonlager spesifikt understreket i høringssvaret jeg skrev, med henstilling om at dette måtte planarbeidet ta hensyn til. Dette høringssvaret har aldri vært lagt fram som saksdokument for kommunestyret, fordiPlan- og byggesaksutvalet vedtok å sende planene i Haukanesmarka direkte ut på 2.gangs høringuten at de skulle behandles i kommunestyret.
  • Videre finner man i Austevoll kommune sin egen Klima og Energiplan fra 2010 at «Kommunane sitt arealbruk kan også påverke karbonmengda som er bunde i skog og jordsmonn, ved for eksempel avskoging». Men i et saksframlegg om oppstart av en ny Klima- og miljøplan i Austevoll kommune (sak nr. 113/20 til møtet i Formannskapet 15. oktober) står det at «Rådmannen kan ikkje sjå at saka frå 2010 har blitt følgt opp slik vedtaket gav føringar om», og videre at «Vi kan ikkje finne at planen er revidert eller at tiltaka er gjennomført». Med andre ord: Klima- og miljøplanen fra 2010 ble lagt i en skuff og glemt!

Det skulle være mange gode grunner til å sette fokus på myr og skog i klimasammenheng i de to planprosessene i Haukanesmarka, noe som altså ikke ble gjort. Austevoll kommune har rett og slett ikke fulgt opp de nasjonale og regionale forventingene til kommunal arealplanlegging! Kommunen har heller ikke fulgt Plan- og Bygningslovens §3-1, punkt g) der oppgaver og hensyn i planlegging etter loven skal «ta klimahensyn gjennom reduksjon av klimagassutslipp….».

Ordføreren taler derfor mot bedre vitende i svaret han ga i politisk kvarter. Det kan virke som om Austevoll kommune enten har sovet i timen eller at manglende vilje til å inkludere myr og klima i planprosessene er en bedre forklaring, heller enn at det kom for seint. Det kom ikke seint inn i planprosessen da dette ble sagt klart fra om i første høringsrunde. Plan- og byggesaksutvalet, som ledes av ordføreren, valgte imidlertid å ignorere dette.

Terje van der Meeren

Svar frå ordførar Morten Storebø:

Dei to næringsplanane i Haukanesmarka har vore skikkeleg og grundig behandla. Det gjeld også konsekvensutgreiingar og vurderingar av natur og miljø. Dokumentasjonen som ligg i botn for planane er omfattande.

Grunnen til at det er gjort eit godt stykke utgreiingsarbeid er fordi utbygginga vil gjera store terrenginngrep og legg opp til stor utfylling i sjø.

Grunnen til at me tillét desse inngrepa er for å legge til rette for næringsaktivitet og nye arbeidsplassar i Austevoll.

Som eg sa i kommunestyret torsdag 17. desember så har eg stor respekt for at det er ulike synspunkt når det kjem til utbygging i Haukanesmarka.

Innlegget mitt i kommunestyret var svar på eit spørsmål frå Birthe Wessel i MDG.

I svaret mitt sa eg at om me skrur tida litt tilbake, til då me behandla planprogrammet, så var det nokre punkt som ein meinte burde konsekvensutgreiast.

Så las eg opp frå planprogrammet som blei vedtatt i 2017:

«Det skal gjerast greie for landskap og landskapstilpassing. Konsekvensar for biologisk mangfald skal utgreiast vidare. Konsekvensar for biologisk mangfald klargjerast: Naturtypar, raudlisteartar, og sårbare, truga naturtypar.»

Grunnen til at eg tok dette tilbakeblikket til 2017 var fordi det er i starten av planarbeidet dei vesentlege krava og rammene blir lagt for planprosessen.

Det dukkar opp nye og ofte viktige omsyn undervegs i planarbeidet – og det har det gjort her også – men vegen mot godkjenning og vedtak skal følgje spelereglane som gjaldt. Det vil bli veldig vanskeleg å lage reguleringsplanar viss målstreken er bevegeleg og alltid dreg ifrå.

Eg sa vidare:

«Når det gjeld problemstillinga knytt til myr så er ikkje det tema som er spela inn verken i planprogrammet eller i dei høyringane som har vore.»

Eg reknar med det er denne setninga som gjer at eg har pådratt meg eit lesarbrev frå Terje van der Meeren.

«Problemstillinga knytt til myr» handlar om at ved å grave opp myr, vil ein sleppe CO2 ut i atmosfæren. Å greie ut dette har ikkje vore tema i planane. I saksutgreiinga til rådmannen står følgjande:

«Det blei ikkje stilt krav til konsekvensutgreiing av myr då planprosessane starta. I 2017, då planprogram for Kråkebolleplanen og revidert plan for Melaks var på høyring, kom det heller ikkje merknadar om at dette var noko ein burde vurdera nærare. Planprogrammet tok inn over seg innkomne merknadar og konsekvensutgreiing blei utarbeida for dei områda ein fann relevante, med seinare tilleggsvurderingar etter innsendte merknadar. Konsekvensutgreiing er utarbeida i tråd med med det fastsatte planeller utredningsprogrammet.»

Og det å koma med krav om utgreiing no under klagebehandlinga, altså etter at planane er godkjente og år etter at rammene for planarbeidet er lagt, er ikkje gangbart.

Dette er også kommentert av rådmannen: «Å krevje ny konsekvensutgreiing så seint i prosessen ville vore urimeleg, og ville vore i strid med prinsippet om føreseieleg sakshandsaming, som er eit sentralt omsyn i forvaltningsretten.»

Då MDG i kommunestyret 17. desember foreslo at det skal gjerast ei kartlegging av dette, fekk forslaget berre MDG si stemme.

Terje van der Meeren har vore kritisk til planane heile vegen. Han ønskjer inga utbygging, men har skrive til at kommunen at området bør vera avsett til LNF og ikkje eit utbyggingsområde.

Påstandane han har kome med i planarbeidet har blitt tatt på alvor og blitt vurdert i planprosessen. Les du saksutgreiingane finn du at Terje van der Meerens merknader er via stor plass.

Terje van der Meerens ynskje om byggjeforbod har likevel ikkje vunne gjennom. Det skuldast at utgreiingsarbeidet og planarbeidet har vore godt, trass i at Terje van der Meeren er urokkeleg i trua på det motsette. I desse planane har kommunen stilt krav om utgreiingar og vurderingar, og desse er gjennomført av fagfolk med utdanning på master- og doktorgradsnivå.

Ja til utbygging skuldast også at me synest det er veldig viktig at dette området blir tatt i bruk som eit næringsområde. Terrenginngrep og utfylling i sjø er ein pris me er villig til å betalea for å sikra framtidige arbeidsplassar i kommunen vår.

Morten Storebø