– Den største båten får ei lastekapasitet som er dobbelt så stor som «Seihav», han vert 110 meter lang. Han vert såpass stor fordi me ynskjer å kunna behandla ein og ein merd om gangen, seier Tore Bakke i reiarlaget til lokalavisa. Den andre båten er tilpassa transport av postsmolt ut til anlegga.
– Smolten vert jo berre større og større, seier Tore Bakke vidare.
Det skal byggjast eitt fartøy med 2200 m3 og eitt med heile 8000 m3 lastekapasitet i fisketankane og med tilhøyrande daudvekt på 12 000 tonn, som då blir verdas største av sitt slag. Hos Salt ship design gler Tor Henning Vestbøstad seg over at teikningane no er i hamn.
– Det har vore ein lang prosess, men det er utruleg kjekt å arbeida saman med så kunnskapsrike reiarar som Seistar er, seier Vestbøstad til Marsteinen. Han fortel at den operasjonelle røynsla og ynskjene frå selskapet på Hundvåkøy ligg til grunn for designet.
– Jobben vår er deretter å gå laus med kalkulatoren, sjå til stabilitet, skipsliner og så vidare. Så går me prosessane om igjen til me kjem fram til det beste kompromisset, seier VEstbøstad, som har vore i bransjen såpass lenge at han arbeidde med Bakke-brørne om gamlebåten «Seigrunn» seinhausten 2002. Til samanlikning hadde denne båten ein lastekapasitet på 1 200 kubikkmeter.
Tyrkisk verft
Begge fartøya skal byggjast ved Çemre MARİN ENDÜSTRİ A.Ş. i Tyrkia, og skal leverast frå t i 2022/2023.
– Verftet kom best ut på pris og kompetanse, i tillegg til at dei har gode referansar for bygging for mellom anna Østerbris og Hardhaus. Dei har òg laga tankane til Ronja Star, og er flinke på det, seier Bakke til Marsteinen.
– Seistar AS har frå før ein flåte på tre brønnbåtar og tre bløggebåtar. Nybygga skal supplera nye og eksisterande kunder med ny tonnasje for å dekka auka etterspurnad etter behandlingstenester og transport-tjenester, særlig relatert til postsmoltsatsinga på Vestlandet, heiter det vidare i pressemeldinga.