Johanna Magdeli Petterson Utvær mottok denne veka 50 000 kroner frå KokkeKarlas legat. Pengane skal brukast på ei topphald i Slovenia.
Johanna Magdeli Petterson Utvær mottok denne veka 50 000 kroner frå KokkeKarlas legat. Pengane skal brukast på ei topphald i Slovenia.

Johanna fekk høgthengjande stipend

Ein av kokkane ved Bekkjarvik gjestgiveri, Johanna Magdeli Petterson Utvær, mottok denne veka KokkeKarlas stipend på 50 000 kroner. Stimulansen skal brukast i Slovenia.

Så seint som i sommar fekk Johanna frå Barmen i Nordfjord fagbrevet sitt. Med læretida i Bekkjarvik og med fast kokkestilling på kjøkkenet på gjestgiveriet, vart det ho som denne veka fekk KokkeKarla sitt stipend på 50 000 kroner.

– Planen er å bruka dette på ei topphald i Slovenia. Hiša Franko er ein restaurant med to stjerner i Michelin-guiden, som ligg på landsbygda. Kjøkensjefen heiter Ana Roš, seier Johanna som nett er komen på jobb på gjestgiveriet klokka 08:00 om morgonen.

Stipendet vart oppretta etter Karla Linhave Siverts (1987–2016) sin bortgang. På legatet si heimeside står det å lesa at Karla var en av Norges fremste kokker. Med et brennende hjerte for norske råvarer og norsk matkultur var hun en høyt respektert kokk. Da hun som 29-åring døde av kreft Sankthansaften 2016 hadde hun allerede bestemt seg for å opprette et legat: Stipend til unge kvinnelige kokker, og økonomisk støtte til unge mennesker som havner i en vanskelig økonomisk situasjon på grunn av alvorlig sykdom.

Ikkje akkurat Hell’s kitchen

Johanna meiner det er flest gutar og unge men som ynskjer å ta kokkefaget langt, men sjølv set ho stor pris på yrkesvalet sitt.

– Du vert aldri ferdig utlærd, og det er særleg kjekt å arbeida med lokale råvarer. På gjestgiveriet er me vårt eige fiskemottak og eg set òg pris på villsauen som ingrediens, seier kokken frå Barmen, som ligg ein liten halvtime frå Måløy.

Det var gjennom kjennskap ho enda opp med lærlingplass i Bekkjarvik, men pulsen på kjøkenet har gått kraftig ned som ei fylgje av pandemien.

– Det er mykje mindre å gjera no enn då me hadde julebordsesongen i fjor, seier kokken.

For den som trudde at kulturen på kjøkenet alltid er med sine kjøkensjefar, kjefting og smelling må tru om att.

– Det kjem nok lit an på kvar du jobbar. Det er ikkje akkurat Hell’s Kitchen her på gjestgiveriet, sjølv om du får vita det sersom du gjer noko feil.

Å vera kjøkensjef sjølv, er likevel noko unge Petterson Utvær har fått smaken på.

– Det var berre i to veker i sommar, men då fekk eg vera kjøkensjef heime på Kraftstasjonen i Måløy. Det var kjekt, smiler kokken før ho stegar inn til dagens dont.