Haukanesmarka set kommunale og nasjonal politikk i eit uheldig lys, meiner innsendaren. Her skogen bit seg fast i fjøresteinane langs Langenuen, med hekkelokalitetar for raudlista makrellterne på skjera i bakgrunnen. Foto: T. Hagenes
Haukanesmarka set kommunale og nasjonal politikk i eit uheldig lys, meiner innsendaren. Her skogen bit seg fast i fjøresteinane langs Langenuen, med hekkelokalitetar for raudlista makrellterne på skjera i bakgrunnen. Foto: T. Hagenes

LESARBREV

Hjartesukk kring natur og miljø

Ut frå ein del saker som har vore oppe i media dette året, fryktar eg at natur- og miljøvern har langt mindre plass i politikk og forvaltning enn det eg var naiv nok til å tru. Når mange prestisjetunge nærings- og samferdsleprosjekt skal bankast igjennom, står omgrepet berekraftig utvikling att som tomme ord.  Derfor kjenner eg meg skuffa både på vegne av vår tid og  ikkje minst for komande generasjonar.

Som lokal sak, har kråkebolleoppdrettet i Haukanesmarka vore mykje omtala i Marsteinen, både gjennom reportasjar og lesarinnlegg. Mange med meg har opplevd denne saken som ein tankevekkjar. Utan innsats frå kapasitetar som biolog og forskar Terje van der Meeren, Odvar Skre frå Naturvernforbundet og andre, kunne me ha risikert at sårbar natur blei bygd ned utan tilstrekkeleg utgreiing. Det er gledeleg at MDG Austevoll er kome på banen for å verna om Haukanesmarka. I det heile er det positivt at det kom inn eit nytt parti i kommunestyre, med eit anna fokus enn mange av dei etablerte partia i Austevoll.

Eg er ikkje lokalkjent i Haukanesmarka, men så langt eg har forstått så omfattar dette området fleire naturtypar frå sjø og strandsone til naturtypar på  land. Med atterhald om at eg nyttar terminologien til Artsdatabanken rett, så kjem regnskogen i Haukanesmarka under den sårbare naturtypen boreonemoral regnskog. Same naturtype finn me også på andre sida av Langenuen, på Reksteren. Her er denne naturtypen truga av det planlagde Hordfastsambandet. Eit prosjekt som også dei fleste av politikarane i Austevoll ivrar for.  Det er ikkje utan grunn at mange biologar er urolege for bit for bit nedbygging av norsk natur.

Det er også stilt spørsmål kring kor berekraftig produksjon eit slikt kråkebolleoppdrett er. Denne planlagde utbygginga er så omfattande i areal og gir slike sår i landskapet at den noverande utvidinga ved KK-Senteret fortonar seg som eit lite prosjekt i forhold. Dessverre er ikkje byggjeplanane for Haukanesmarka  eineståande med omsyn til mangelfull utgreiing av konsekvensar for natur og miljø. I løpet av dette året har det også dukka opp andre saker i media frå ulike delar av landet, som har gjort meg endå meir tankefull på vegne av framtida og kor seriøst me eigentleg tek natur- og miljøvern.

Samstundes med at debatten bølga att og fram med omsyn til kråkebolleanlegget i Haukanesmarka, kom det fram ei sak frå riksmediet NRK.  Det var ei forvirrande sak frå Stadlandet i samband med utbygging av eit vindkraftanlegg. Fyrst kom det ein rapport som konkluderte med sårbar natur i området. Ikkje lenge etterpå kom det ein annan rapport som  konkluderte med det motsette. Er det rart folk blir usikre på om me har godt nok grunnlag for å ta gode avgjersle på vegne av vår felles naturarv? Overskrifta på framsida i Marsteinen for to veker sidan, «Systemfeil for naturen», kan seiast å gjelda der også.

Nyleg kom det også  fram i media om mangelfulle utgreiingar av miljøkonsekvensane ved nedbygging av myr i samband med  planlegging av ferjefri E39 mellom Trondheim og Kristiansand. Utgravingar av torv vil frigjera klimagassar, samstundes som vekstane som fangar opp CO2 frå lufta blir erstatta av svart asfalt.

Som sagt så er kartlegging av natur eit møysommeleg arbeid, og kan vel eigentleg ikkje gjerast detaljert nok. Det er i alle fall langt meir komplisert enn å ta ei flyreise over landet og konkludera med at det er meir nok natur å ta av, og avfeia all uro våre fremste biologar har for bit for bit nedbygging av norsk natur. Her siktar eg til ein reportasje i NRK frå 7. mai i år, med utsegn frå tidlegare ordføraren i Austevoll, no kommunestyre- og stortingsrepresentant Helge André Njåstad. (https://www.nrk.no/klima/frp-fnyser-av-advarslene-_-vil-ha-flere-hytter-1.15005490) Eg tvilar ikkje på at Helge André Njåstad sine ytringar er gangbar mynt i eigne rekke, men eg  fryktar at slike haldningar også strekker seg utanfor FRP sine rekkjer. Sjølv om denne saken ligg eit halvt år tilbake i tid, så trur eg ikkje vår tidlegare ordførar har endra haldningar, då han nyleg i ein reportasje i Marsteinen ville «venjeklippe fylkesmannen» i plan- og arealsaker.

Ingen seriøse naturforvaltarar, med respekt for seg sjølv, konkluderer om tilstanden til norsk natur på grunnlag av ei flyreise over landet. Då bør heller ikkje ein politikar gjera det. Det er ei hån mot alle dei biologar som prøver å skaffa til vege kunnskapar om norsk natur. Rett nok så er detaljerte flyfoto, satellittbilete og anna kartgrunnlag viktige reiskapar i kartlegging av natur, men det erstattar ikkje eit grundig feltarbeid. Nett no sit sikkert mange biologar rundt om i  landet med ein sopp eller annan organisme under mikroskopet, kanskje med kontrastveske i preparatet, for å kunna sjå dei naudsynte detaljane til å kunne bestemme kva art det er. Ja, me har meir areal å boltra oss på i høve til innbyggjartalet enn i for eksempel Nederland og Belgia, men det fritar oss ikkje for ansvaret for å ta vare på den unike naturen me har her nord. Tap av villmark i Noreg dei siste 120  år, som det er vist til i same reportasje, talar si klåre tale. Noreg strekkjer seg over eit breitt spekter av klimasoner.  I tillegg har Noreg ein variert topografi frå kyst til høgfjell. Når også dei geologiske tilhøva varierer, får me ein variasjon i naturtypar med sin unike flora og fauna, som me er plikta til å forvalta på ein ansvarleg måte.  Noreg sin natur er spesiell i høve til resten av Europa. Mange artar krev ei heiskapeleg arealforvalting på tvers av kommunegrenser, så kvar kommune kan ikkje vera seg sjølv nok. Blir ein art fortrengt til for små leveområde kan den verste fall gå under av innavl.

Sjølv om me har mykje utmark i Norge i høve til innbyggjartalet, så har me lite areal med dyrkajord som er høveleg for produksjon av matkorn av den kvalitet som er standaren i dag. Me klarar å produsera ein del korn og andre vekstar til kraftfôr, men vår intensive husdyrproduksjon, både på land og til sjøs, har gjort oss avhengige av betydelege importerte fôrressursar. Me er derfor direkte avhengige av arealressursar i andre land. Om me har større arealressursar i høve til innbyggjartalet enn mange andre land, så er utsegnene til Helge André Njåstad i den saken ei slik forenkling av røyndomen at det nærmar seg  populisme, viss det ikkje er det.

Eigentleg burde det i våre dagar vera unødvendig å måtte argumentera for kor viktig det er å bevara naturmangfaldet. Som ei påminning kan eg ta med ein klassikar frå biologifaget i skulen. Då  skotten Dr.  Alexander Flemming i 1928 oppdaga penicillinet i artar frå soppslekta penicillium, var det eit gjennombrot i kampen mot bakteriesjukdomar. Eg veit ikkje om det finnest estimat på kor mange menneskeliv ulike antibiotika har berga, men det er mange. Antibiotika har også i stor utstrekning vore nytta i husdyrproduksjonen. Det kan dessverre sjå ut til at me ikkje har forvalta bruken av denne gåva forsiktig nok, då mange sjukdomsframkallande bakteriar har utvikla resistens mot mange vanlege antibiotika. Samstundes med framveksten av resistente bakteriar, har det vore vanskeleg å finne nye antibiotika.  I påvente av å finne nye antibiotika, ville det vore veldig trist om potensielle artar med genetisk kode for nye antibiotika eller andre livbergande medisin skulle blir gravlagd under steinfyllingar, asfalt og betong for all framtid.

Det er framleis mange som ikkje har tillit FN sitt klimapanel, trass markante endringar i klima som dei fleste forskarane har vanskeleg med å forklara berre ut frå naturlege svingingar. Børge Ousland var vitne til store endringar i sjøisen på Nordpolen på sin ekspedisjon i 2017, knapt 30 år etter sin førre ekspedisjon i 1990. Desse endringane er stadfesta av andre som har vore i Arktis og også på satellittovervaking blir det registrert at havisen rund Nordpolen minkar faretruande. I verste fall kan Nordpolen vera isfri om sommaren i løpet av min generasjon si levetid. Parallelt med det, stig havnivået jamt og trutt grunna netto  smelting frå dei store innlandsisane i Antarktis og på Grønland. Det er vanskeleg, for ikkje å seia umogleg for den vanlege kvinne og mann å setja seg inn i alle rapportane frå klimapanelet og naturpanelet til FN. Særleg om ein ynskjer å saumfara etterprøve all bakgrunnsmateriale i form av forskingsrapportar som ligg til grunn. Det er derfor prisverdig at me har personar som professor i biologi, Dag O. Hessen og andre som presenterer hovudinnhaldet i klimapanelet og naturpanelet på ein meir forståeleg måte for den jamne borgar. Dag O. Hessen fekk nyleg Brageprisen for boka «Verden på vippepunktet», der han nettopp presenterer utfordringane me står overfor i fylgje FN sitt klima og -naturpanel. Det er ei bok til å anbefala.

Det å ta vare på naturmangfaldet og avgrensa menneskeapt global oppvarming er ikkje berre snakk om å avgrensa framtidig naud grunna naturøydeleggingar, men også eit etisk spørsmål om naturen sin eigenverdi og at framtida sine generasjonar også skal kunne gleda seg over naturen på same  måte som oss.  Det var derfor til ettertanke då den kjende britiske naturhistorikaren og filmskaparen Sir David Attenborough, som står bak mange naturdokumentarar, nyleg kom med orsaking til framtidige generasjonar for måten vår tid har forvalta naturen. Kor mange av oss vil stilla oss bak ei slik orsaking? Eg gjer det i alle fall!

Lars Johan Hufthammer

Helge André Njåstad har fått tilbod om samstundes imøtegåing på åtaket retta mot han i lesarbrevet.

Redaktøren