Bekkjarvik blomster ved Heidi Hvidevoll (til venstre) er med på julekampanjen til næringsrådet og Hege Lauvik. Tysdag er det trekking av premiar på den andre blomebutikken på øyane, Forglemmegei.
Bekkjarvik blomster ved Heidi Hvidevoll (til venstre) er med på julekampanjen til næringsrådet og Hege Lauvik. Tysdag er det trekking av premiar på den andre blomebutikken på øyane, Forglemmegei.

Handla lokalt i innspurten

Næringsrådet og dei 34 verksemdene som er med på Handla lokalt-kampanjen, håpar at òg den siste innspurten kan gjerast med lokal handel. Tysdag vert det trekking av premiar.

Hege Lauvik i Austevoll næringsråd seier at det så langt ser ut til å ha gått rett så fint i julehandelen på øyane. Likevel meiner ho det er om å gjera å ikkje gløyma seg heilt på tampen.

– Det er no mange verksemder og butikkar som livnærer seg av detaljhandel kan leggja seg opp litt pengar for vinteren. Me veit at januar til mars normalt er krevjande månadar, og det vert kanskje endå meir slik no som me er i pandemien, seier Hege Lauvik.

Ho poengterer at ein ikkje kan ta butikkar og tenestetilbod frå private for gitt.

– Forsvinn butikkane, kan kompetansearbeidsplassane gjera det same. Vil du ha butikkane i morgon, må du bruka dei i dag, seier ho.

Det er 34 verksemder av ulik art som er med på den lokale handlekampanjen før jul. Tysdag vert det trekking av premiar hos Forglemmegei på Storebøportalen.

– Me køyrer enno med godt, gamaldags stemplekort. Det er mange som heller vil ha det enn ei digital løysing, seier Hege til Marsteinen.

Medan lokalavisa er i passiar med Lauvik og innehavar av blomebutikken i Bekkjarvik, valsar Inge Halstensen inn. Tilfeldig, må vita.

– Det er ekstremt viktig med lokal handel. Har me ikkje det, og det brått skulle byrja gå dårleg med ei eller fleire av dei viktigaste næringane våre, kan me fortare enn me anar komma attende til 1959. Då flytta folk bort frå øyane i eit urovekkjande tempo, åtvarar Halstensen.

– Me kan òg som samfunn tenkja nytt. Kva med å tilby folk gratis barnehageplassar? Det kunne vera eit anna grep for å tiltrekkja oss nye innbyggjarar. Mykje heller det enn å gjera som Bø i Vesterålen og fjerna formueskatten, avsluttar Halstensen.