Norsk sild vil ikkje kunne smykke seg med bærekraftssymbolet frå miljøsertifiseringsorganet MSC. Årsaka er at landa som forvaltar silda ikkje klarer å bli einige om kvotene. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Norsk sild vil ikkje kunne smykke seg med bærekraftssymbolet frå miljøsertifiseringsorganet MSC. Årsaka er at landa som forvaltar silda ikkje klarer å bli einige om kvotene. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Forvaltningskaos gjer at norsk sild mistar miljøsertifisering

Dei siste ti åra har landa som forvaltar Norsk vårgytande sild, ikkje klart å bli samde og sett eigne kvotar. No mistar silda eit viktig miljøsertifikat.

Dei siste ti åra har landa som forvaltar Norsk vårgytande sild, ikkje klart å bli samde og sett eigne kvotar. No mistar silda eit viktig miljøsertifikat.

Forhandlingane mellom Noreg, Island, Russland, Grønland og EU har havarert kvart einaste år i ti år. Landa har enda opp med å setja eigne kvotar.

Det internasjonale rådet for havforsking, Ices, tilrådde at totalkvoten for NVG-sild i år ikkje burde overstige 526.000 tonn. Når landa har sett eigne kvotar, vart dette rådet overstige med 207.000 tonn.

Ein sterk 2016-årsklasse gjer at det ikkje er umiddelbar fare for sildebestanden. Gytebestanden er over føre-var nivået, ifølgje Havforskingsinstituttet.

– Med eit overfiske på same nivå som i 2020 vil gytebestanden i 2022 framleis vera over føre-var nivå. På lang sikt er likevel eit fiske på eit slikt nivå ikkje rekna for å vera føre-var, seier havforskar Erling Kåre Stenevik til NTB.

Havarerte forhandlingar

Hovudgrunngivinga frå berekraftssertifiseringa MSC er ikkje at sildestammen er låg, men at den felles forvaltninga mellom kyststatane har havarert.

– Det er ikkje noko nytt her. Det har ikkje skjedd noka utvikling som gjer at fiskeria er mindre miljøvennlege enn i fjor eller tidlegare. Men det har vore eit vilkår at me må løysa problemet med mangelfulle kyststatsavtalar. Kravet kom for fem år sidan, men der har landa ikkje klart å lykkast, seier miljørådgivar Tor Bjørklund Hansen i Noregs Fiskarlag til NTB.

Politikarane har skulda

Blåfiskmerket frå MSC gir fisken eit berekraftsstempel som i mange marknader er viktig. I tillegg til NVG-silda mistar òg kolmule sertifiseringa si.

I fjor forsvann blåfiskmerket frå makrell, og sertifiseringsorganisasjonen vurderer òg om torsk og hyse teke innanfor tolv nautiske mil skal mista miljømerkinga si.

– Sertifiseringa krev at fiskebestandane er sterke, at fiskemetodane har minimal negativ påverknad og at fiskeriet har ein god forvaltningspraksis – noko desse fiskeria ikkje lenger kan vera stolte av. Suspensjonen vil påverka norske fiskarar og selskap, men er skulda til politikarane, seier Linneá Engström, programdirektør i MSC Skandinavia og Østersjø-regionen.

Konsekvensar i marknaden

Noregs sjømatråd som marknadsfører norsk fisk i utlandet, trur fjerninga av berekraftsmerket vil merkast for norske eksportørar.

– I ein del marknader har sertifiseringsordningar vorte noko du må ha. Dermed kan dette få marknadsmessige konsekvensar. Daglegvarehandelen spør etter slike sertifikat. Dei er dermed etterspurde òg av innkjøparar, seier Jan Eirik Johnsen i Sjømatrådet til NTB.

Verknadene var ikkje så store då makrellen i fjor mista sertifiseringa si. Mykje norsk makrell blir seld til Asia der forståinga for slike sertifikat er mindre. Han trur sertifikatlaus sild vil slita meir.

– Tyskland er ein viktig marknad for NVG-silda. Det er ein marknad der MSC står sterkt og der det kan få konsekvensar for NVG-silda. Me har innsikt som viser at forbrukarar vil vera meir opptekne av berekraft. Men det varierer veldig mellom marknadene, seier Johnsen.