Mekk Austevoll ser fram til å dela ut pengar til Hjerterom i havgapet, og vonar at fleire kan vera med å bidra. Frå venstre: Jon Skram, Isabel Njåstad Solberg og Camilla Pamer.
Mekk Austevoll ser fram til å dela ut pengar til Hjerterom i havgapet, og vonar at fleire kan vera med å bidra. Frå venstre: Jon Skram, Isabel Njåstad Solberg og Camilla Pamer.

Donerer til Hjerterom i havgapet

Julestemninga får i år dagleg leiar på Mekk Austevoll, Jon Skram, til å opna lommeboka. I romjula gjev han omsetnaden i butikken måndag 28. desember til hjelpeorganisasjonen Hjerterom i havgapet.

I lokala på Eidsbøen nord står Skram og fyller på med varer. I samband med romjulsalet vil han bidra økonomisk til at trengande på øyane kan få hjelp.

– Eg har større glede av ein sånn kampanje enn til dømes Black Friday, meiner han.

Isabel Njåstad Solberg og Camilla Pamer kjem smilande inn i butikken. Dei har sidan 2015 vore i heile kommunen med hjelp til folk som av ulike grunnar ikkje får endane til å møtast.

– Då me starta var me spente på kva reaksjonar me fekk på tiltaket. Det gjekk over all forventing, og no ringjer bedrifter og private til oss for å vera med å gje, fortel Isabel.

Det femte jula dei jobbar med dette, og i år har det vore høg aktivitet.

– Mange slit ekstra på grunn av pandemien, og me har delt ut fleire matgåvekort i år enn nokon gong. Folk er særs takksame når me kjem og det hender at me gret i lag med mottakarane, seier Camilla.

Året rundt

Dei to jobbar frivillig og den siste månaden har både lunsjar og kveldar gått med til henting, pakking og levering.

– Me har begge ektefeller som jobbar til sjøs, og dei er sjølvsagt om bord når det står på som verst, så bruken av barnevakt har auka kraftig, ler Isabel.

Tidlegare i veka tikka det inn ein tekstmelding frå ein tilsett på Mekk Austevoll. Der stod det at sjefen kunne tenka seg å donera omsetnaden for ein heil dag til Hjerterom i havgapet.

– Då me fekk snakka med Jon sjølv vart me rørte og glade, seier Camilla.

– For eit initiativ du kjem med her. Me jobbar året rundt med dette, og treng all den støtta me kan få, legg Isabel til og ser på Skram.

Jon sjølv oppmodar resten av næringslivet her ute til å gjera noko tilsvarande.

– Eg håpar at dette kan vera med å dra i gang noko større. Når eg bestemte meg får å vera med å gje ville eg gjera det skikkeleg. I fjor var omsetnaden denne dagen på kring 32 000 kroner, og minus moms utgjer det om lag 25 000 kroner rett til Hjerterom i havgapet, fortel han smilande.

– Det er særs viktig for oss å få fram at arbeidet vårt er underlagt teieplikt, då me veit at det kan vera ei stort barriere å bryta for å ta kontakt med oss. Det er full anonymitet frå vår side, så ta kontakt dersom du har det vanskeleg, avsluttar Isabel og Camilla.