Gamingkrok er òg noko som kjem på plass i ungdomsklubben i gamle kommunehuset. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.
Gamingkrok er òg noko som kjem på plass i ungdomsklubben i gamle kommunehuset. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.

424 334 kroner frå Gjensidigestiftelsen til ungdomsklubben

Joon Raymond Haugland hadde gode nyhende frå Gjensidigestiftelsen under Politisk kvarter i kommunestyret i dag. 424 334 kroner til grunnarbeid og utrusting av det gamle kommunehuset.

Kommunestyrerepresentant Joon Raymond Haugland (H) sit i styret på Austevoll frivilligsentral. I kraft av denne rolla vart han kontakta av Gjensidigestiftelsen.

– Det er kjekt å sola seg i glansen av andre sitt gode arbeid. Ordføraren er nok den som er mest vant med dette, men eg vart altså kontakta om denne søknaden. Den vart innvilga i sin heilskap med kroner 424 334 kroner, smilte Joon Raymond frå talarstolen.

Det er alt frå grunnarbeid, måling, kjøkenfasilitetar, wifi og spelekrok pengane er mynta på.

– Det er utruleg kjekt at arbeidet til ungdomsrådet haustar slike resultat, sa Haugland, som òg tok seg tid til å rosa sjølve søknaden som vart sendt frå administrasjonen.