Etter knapt fire år er allereie Storebø skule for liten til å ta unna auka elevmasse. Rekort ser inga anna løysing enn å byggja i høgda.
Etter knapt fire år er allereie Storebø skule for liten til å ta unna auka elevmasse. Rekort ser inga anna løysing enn å byggja i høgda.

Storebø skule er for liten

Allereie frå hausten av er skulen på Storebø såpass pressa på areala at kommunen må rekna på mellombels auke i areala. Rektor Vibecke Storebø ville helst hatt plassen snarast.

I april for seks år sidan vann Nævdal yrkesbygg kontrakten om å utvida Storebø skule. Kostnaden var på 96 millionar kroner. Etter dette vart skulane på Trolandshamar og i Kolbeinsvik vedteke avvikla. I dag sit rektor ved Storebø skule med eit komande elevtal og nummeret av klasserom som ikkje går opp.

– Storebø er eit pressområde, og no ser me at me vil ha eit elevtal på om lag 348 elevar i skuleåret 2024-25. Alt til hausten kjem me opp i 335 elevar, slik det ser ut, seier rektor Vibecke Storebø.

Det er berre litt over fire år sidan skulen stod ferdig, og rådmannen har sett seg nøydd til å setja av 200 000 kroner til eit prosjekt om korleis kommunen skal løysa plassmangelen.

– Per i dag har me 17 godkjende klasserom, om me inkluderer naturfagrommet og det som var tiltenkt som datarom. Noko av problemet er at fire klasserom er for små. Dei ligg i gamlebygget, og er berre på 49 kvadratmeter kvar, seier ho. Dei fire klasseromma gjev ikkje rom for klassar som er større enn 18 elevar.

Dei har elevkantine med plass til toppen 60 elevar, kjøkenet der er for lite, og avdelinga for skulefritidsordninga er for lita til å kunna handtera meir enn 75 elevar.

– Uteområdet vårt er i minste laget slik det ligg i dag. Det einaste alternativet eg ser for meg er å byggja i høgda, seier Vibecke Storebø, som samstundes ser til den nye læreplanen som kan stilla ytterlegare krav til armslag.