Bompengane som var med og finansiera Storholmbrua i forgrunnen er ferdige den 16. november, melder Ferde. Foto: Geir Einarsen.
Bompengane som var med og finansiera Storholmbrua i forgrunnen er ferdige den 16. november, melder Ferde. Foto: Geir Einarsen.

Slutt på bompengane 17. november

Pressemelding frå Ferde:

Innkrevjing av bompengar vert avslutta på ferjesambanda Husavik – Sandvikvåg og Krokeide – Hufthamar den 17.11.20

Bompengeinnkrevjinga for bompengeprosjektet Austevollsbrua som vert kravd inn på ferjesambanda Husavik – Sandvikvåg og Krokeide – Hufthamar vert avvikla den 17. november 2020.

Bompengeinnkrevjinga på ferjesambanda Krokeide-Hufthamar og Husavik-Sandvikvåg vart vedteke i Stortinget 17.12.2004, med grunnlag i  St. prp. nr. 30 (2004-2005) Om utbygging og finansiering av rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy-Hundvåkøy) i Hordaland.

Ferde AS er gitt innkrevjingsrett til 15. juli 2021 av Vegdirektoratet. Dette samsvarar med 16 års innkrevingstid frå 2005 omtalt i St.prp. nr. 30 (2004-2005), men innkrevjinga vil no kunna avsluttast tidlegare grunna garanti frå Vestland fylkeskommune om utbetaling av ferjeavløysingmidlar til prosjektet i 2021 og i 2022.

For bompengeprosjekt som gjeld fylkesveg, vert eventuelle overskytande midlar stilt til disposisjon for fylkeskommunen som skal bruka midlane til vegformål i det området bompengane er innkrevd.

Informasjon om ruter og prisar finn du på Fjord 1.  (Prisar inkludert bompengar gjeld fram til og med 16.11.20)

Fjord 1: Ruter og prisar