Banen på Selbjørn har vore åstad for villmannskøyring. Trist, meiner styreleiar Mikael Ek og dagleg leiar Marianne Rabben i idrettslaget.
Banen på Selbjørn har vore åstad for villmannskøyring. Trist, meiner styreleiar Mikael Ek og dagleg leiar Marianne Rabben i idrettslaget.

Skadeverk på kunstgrasbanane

Fyrst vart kunstgraset på Selbjørn åstad for villmannskøyring. Video skal ha spreidd seg på sosiale medium. Deretter var ein ATV og potensielt skadde banen på Eidsbøen.

Leiarane i Selbjørn idrettslag er oppgjevne etter at kunstgrasbanen deira, som relativt nyleg fekk nytt dekke, er spunnen opp av ein bil. Sjølv om skadane ikkje er permanente, synest styreleiar Mikael Ek og dagleg leiar Marianne Rabben at hendinga er nedslåande.

– Det vert lagt ned om lag fem årsverk i frivillig treningsinnsats her på banen. Då blir det vondt å sjå at nokon tek seg inn på banen for å øydeleggja, seier Ek.

Det er òg gjort ein eigeninnsats for å komma seg inn på banen, og det heile skal ha blitt filma og speidd på sosiale medium.

– Eg har hatt lyst å komma i kontakt med føraren av den kvite bilen på videoen, men det toget er for idrettslaget sin del no gått, seier Rabben. Sidan det ikkje var varig skade på banen, kunne ei samtale løyst mykje, meiner ho.

Forholdet vert no i staden meld til politiet av Austevoll kommune, som eig banen på Selbjørn og på Eidsbøen, der ein ATV skal ha teke seg inn og gjort noko av det same ein dag eller to etter hendinga på Selbjørn.

Foto: Selbjørn idrettslag.

Meldt til politiet

Nils Arne Hatlevik, eigedomsforvaltar i Austevoll kommune, seier til lokalavisa at det er trist å konstatera at folk tek seg inn på banane for å driva hærverk.

– Me må kunna konstatera at hærverk er eit aukande problem i Austevoll. Me tillet ikkje at det vert gjort på kommunal eigedom. Desse hendingane møter me ved på gjera det vanskelegare å komma seg inn på banane med til dømes bil og firehjuling. I tillegg vil begge forholda bli melde til politiet. Me har allereie hatt dialog med dei, seier Hatlevik.

Frå Austevoll-politiet seier betjent Svein Storebø at dei to hendingane frå deira ståstad vert handsama separat, men at dei ynskjer kontakt med førarar av to ATV-ar som skal ha vortne observert ved Eidsbøen i tidsrommet onsdagsettermiddagen til torsdag morgon.

– Førarane har status som vitne. Det skal vera snakk om ein kvit og ein svart ATV, seier Storebø, som gjerne ser at begge dei to sakene kan løysast ved at alle vitne tek kontakt med politiet før dei må setja inn etterforskingsressursar på dei.

På Selbjørn har hendinga funne stad ein gong mellom klokka 22:15 tysdag og onsdag klokka 14.

– Her ynskjer me kontakt med førar av ein kvit personbil, seier Storebø, og legg til at det sjølvsagt òg her gjeld alle vitne tek kontakt.

Austevollpolitiet kan kontaktast på telefon 56 18 12 50 i kontortida 9-14 på kvardagar.