Hekkelokalitet for makrellterna ligg like ved der sjøfyllinga ved kråkebolleanlegget kjem. Foto: iStockphotoe / mauribo
Hekkelokalitet for makrellterna ligg like ved der sjøfyllinga ved kråkebolleanlegget kjem. Foto: iStockphotoe / mauribo

– Raudlista er ikkje til pynt

Hekkelokalitetar vert ikkje vald tilfeldig av makellterna, som er ein sterkt truga art. Norsk Ornitologisk Foreining (NOF) meiner at det er ein systemfeil som gjer at kommunane ikkje tek vare på artsmangfaldet.

Naturvernrådgjevar i NOF, Martin Eggen, opplyser til lokalavisa at makrellterna har ein ekstra stor kjærleik til opne område, skjer og holmar der dei i samspel med kvarandre kan halda vakt mot rovdyr som katt, kråke og måse.

– Rettnok er dei fleksible i valet av hekkeplassar, men me ser at stadig fleire slike vert sette under press. Me har vore redde for konsekvensane av landbasert oppdrett, som set endå meir press mot strandsona vår, seier Eggen i NOF til Marsteinen.

Når det er sagt, er fuglen i utgangspunktet relativt lite følsom for menneskeleg aktivitet i nærleiken, men med produksjonsbygg som kanskje kan føra til dårlegare oversikt, eller kan verta tilhald for predatorar dei nemne reirtjuvane kråke eller måseartar.

– Når hekkelokalitetane vert mindre ideelle, påverkar det arten som allereie er kritisk truga.

Kommunen sitt ansvar

At ein art kjem på  raudlista har lite å seia, så lenge kommunane eventuelt ikkje tek ansvaret for det.

– Mange trur at det er sentrale styresmakter som har ansvaret for å ta vare på sårbare og truga artar. Slik er det ikkje, dette ansvaret er i stor grad til delegert til kommunane. Når fylkesmannen samstundes er vengjeklypt og ikkje kan komma med innvendingar i slike saker, ser me at det er ein verkeleg systemfeil i det norske systemet, seier Eggen til Marsteinen.

– Dette er eit problem me har påpeikt heilt opp må ministernivå, seier Eggen.

Hekkelokaliteten på Gjengene er stadfesta av NOF ved Frode Falkenberg, og ligg i artsdatabsen.