Den nye rapporten «Naturindeks for Norge 2020» viser at naturmangfaldet er under press i Norge. Foto: Marianne Løvland / NTB/ NPK
Den nye rapporten «Naturindeks for Norge 2020» viser at naturmangfaldet er under press i Norge. Foto: Marianne Løvland / NTB/ NPK

Naturmangfaldet under press

Ein ny rapport viser at naturmangfaldet i Noreg er betydeleg redusert.

Det er i rapporten « Naturindeks for Norge 2020 » den negative utviklinga kjem fram. Naturindeksen er utarbeidd av Norsk institutt for naturforsking (Nina) for Miljødirektoratet.

Sjølv om nokre økosystem har ei positiv utvikling, viser indeksen at hovudøkosystema i Noreg er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet.

– For ope lågland og fjell peikar pila dessverre vidare nedover, medan for skog ser me ein gledeleg framgang, seier Miljødirektoratets direktør Ellen Hambro i ei pressemelding.

Til grunn for rapporten ligg ei ekspertvurdering av tilstanden for over 260 artar og andre indikatorar.

For ope lågland har utviklinga vore tydeleg negativ sidan 1990. Det kjem dels av gjengroing i område der jordbruksdrifta er avslutta, og dels at bruken er intensivert i område der det framleis er jordbruk, med auka gjødsling, sprøyting og bearbeiding av jord.

Utviklinga har òg vore negativ i fjella.

I skogområda har utviklinga gått i riktig retning dei siste åra, men omfattande skogbruk fører til at naturindeksen for desse områda framleis ligg på eit lågt nivå.

– Det er gledeleg å sjå at sjølv om verdiane er låge, så har me ei positiv utvikling, seier Hambro.