"Møkstrafjord" vert mellomklassa på Rubbestadneset. Foto: Fjord1.
"Møkstrafjord" vert mellomklassa på Rubbestadneset. Foto: Fjord1.

«Møkstrafjord» i dokken

A-ferja, om me kan skriva det utan forkleinelse for MF «Horgefjord» er no på verkstad på Rubben. Det er mellomklassing som føregår for MF «Møksterfjord».

Operativ leiar Bjørn G. Barstad i Fjord1 fortel at ferja er i ferd med å få nytt botnstoff, som reiarlaget håpar vil hjelpa med mindre groe, slik at skipet vil gli lettare i sjøen.

– Dette gjev god energiøkonomi, som er viktig i kontrakten med vår oppdragsgiver Skyss, skriv Barstad til Marsteinen.

Det tek likevel noko lenger tid enn dei hadde håpa på, og systerskipet «Horgefjord» skal òg mellomklassast og for å ikkje mista ein heil dag, sender dei «Horgefjord» til Rubbestadneset før «Møkstrafjord» er på plass i sambandet igjen.

– Derfor vil dei som skal reisa i sambandet Hufthamar–Krokeide på fredag, oppleva at MF «Sogn» vil gå delar av dagen i A-ruta og MF «Sulafjord» gå i B-ruta. Begge fartøya har god kapasitet, så dette skal gå bra, tryggar Barstad.

«Møkstrafjord» er i gang igjen på laurdag og «Horgefjord» tilbake igjen onsdag/torsdag i neste veke, avsluttar Barstad.

Nytt botnstoff kan gjera hydrodynamiske underverk, vonar reiarlaget. Foto: Fjord1.