Helge André Njåstad og Framstegspartiet vil gjera sitt for å styrka nettolønsordninga og reversera regjeringa sine kutt når statsbudsjettet skal forhandlast over. Måndag legg Frp fram det alternative budsjettet sitt.
Helge André Njåstad og Framstegspartiet vil gjera sitt for å styrka nettolønsordninga og reversera regjeringa sine kutt når statsbudsjettet skal forhandlast over. Måndag legg Frp fram det alternative budsjettet sitt.

I alternativt statsbudsjett:

Framstegspartiet vil styrka nettolønsordninga

Helge André Njåstad og resten av Framstegspartiet møter regjeringa til budsjettforhandlingar med eit krav om å styrkja nettolønsordninga for sjøfolk.

Regjeringa Solberg vender seg til Framstegspartiet når dei skal forhandla fleirtal for statsbudsjettet sitt. Stortingsrepresentant Helge André Njåstad er strålande nøgd med å vera i vippeposisjon, og vil bruka denne makta til å reversera kutta til regjeringa på nettolønsordninga. Totalt er Framstegspartiet sitt alternative budsjett teke med 271 millionar til å reversera kutta til regjeringa og 462 for å styrka andre delar av ordninga. Mellom anna fjerna tak på skipssegment som offshore og konstrukssjonsstøtteskip in NOR-registeret.

– Dette er eit veldig viktig punkt for oss når me går i forhandlingar. I det alternative budsjettet vårt vil me styrka ordninga ytterlegare, seier Njåstad.

Les om effektane av nettolønskutta for nokre av Austevoll sine reiarlag.

Treng stimuli

Han meiner at regjeringa har lete seg styra av byråkratisk tankegang, i staden for å tenkja på verdiskaping og styrking av dei maritime miljøa langs Norskekysten.

– Frå vår ståstad kan ordninga godt veksa inn i himmelen, slik at me får endå meir verdiskaping og styrkar dei maritime klyngene langs kysten vår.

Stortingsrepresentanten er oppteken av at den maritime kompetansen ikkje er naturgjeven, i og med at internasjonal shipping gjerne er flytande, og lett kan dei flytta drift og investeringar til Austen eller andre verdsdelar.

– Når me legg til rette for dei maritime næringane, kjem svara raskt. Eit døme var Odfjell som flagga 20 skip rett heim i 2017, seier Njåstad, som legg til at Venstre og Høgre har vist dei sanne andleta sine ved å føreslå det som i næringa vert oppfatta som direkte kutt og drastiske endra rammetilhøve.

Framstegspartiet vil òg innføra ei vrakpantordning for eldre offshorefartøy.