Pure Lobster vil starta oppdrett av australsk ferskvannskreps, som eignar seg særlig godt for bærekraftig produksjon. Framme frå venstre Sandra Løfsnæs, Jacob Bull, Nikolai Eide, Aslak Heining og Filip Hellmann. Foto: Stina Aadland Jensen - Utdanning i Bergen
Pure Lobster vil starta oppdrett av australsk ferskvannskreps, som eignar seg særlig godt for bærekraftig produksjon. Framme frå venstre Sandra Løfsnæs, Jacob Bull, Nikolai Eide, Aslak Heining og Filip Hellmann. Foto: Stina Aadland Jensen - Utdanning i Bergen

Fekk 500 000 innovasjonskroner:

Vil dretta opp varmekjær hummar

Nikolai Eide frå Vik er eigentleg masterstudent, men med ingeniørkompetansen frå Nygårdshøyden er ein viktig medspelar i selskapet Pure Lobster. Sist veke stakk dei av med ein halv million innovasjonskroner i skarp konkurranse.

I korridorane mellom førelesingar og lesesalar kom Nikolai Eide i passiar med Aslak Heining, no dagleg leiar i Pure Lobster, om desse humrane frå Australia. Grunna eit studieopphald i New Zealand hadde dei ikkje hatt mykje med kvarandre å gjera på ei stund.

– Han inviterte meg heim for å sjå på humrane sine, små-ler unge Eide. Sunn skepsis knytt til vår eigen saltvassart, som er både kannibal og ganske kostesam å ala opp, vart etter eigenstudiar erstatta med entusiasme.

– Aslak trengde ein ingeniør med på laget, og kanskje er det austevollingen i meg som gjer at eg jo må vera med og prøva det ut. Gjer du ikkje det er det ingen vinst. Det verste som skjer er at eg endar opp med erfaring, som uansett er verdifull, meiner Nikolai.

Det er ikkje lenger noko motsetnad mellom varmekrevande artar og norsk klima. I samband med industri eller til dømes forbrenningsanlegg, vert det mykje spillvarme, som det er dumt å ikkje utnytta.

– Den australske krepsearten raudklo, Cherax quadricarinatus, vert dretta opp nede i Australia i dammar. Fôrløysinga kan me klara å optimalisera, og gjennom det unngå aggressiv åtferd, seier Nikolai entusiastisk. Han legg til at arten, som trivst og veks best ved temperaturar rundt 26 grader, er sterkt etterspurd både i Asia og Oceania.

– Målet vårt er meir innlandsmarknaden, og restaurantar som er heidra med Michelin-stjerner har vist interesse for produkta me kan levera, seier austevollingen. Elles kallar australienarane krepsen for hummar når han kjem opp mot maksimal lengde, 25 centimeter.

Eide seier at jo meir han leste om arten, jo meir kom han fram til at den australske krepsen kunne vera særs godt eigna til norsk oppdrettsteknologi, særleg resirkulasjonsanlegg RAS.

– Me er inviterte inn av Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap, BIR, til å vera med i næringsområdet deira ved Flesland, der det vert lagt til rette for å nytta spillvarmen frå forbrenningsanlegget deira i nærleiken.

Pure Lobster kan òg henta ut synergiar frå andre selskap som skal etablera seg i området, særleg med tanke på fôret. Lukkelegvis er ferskvasskrepsen litt av ein altetar.

Den australske ferskvasskrepsen er særs nøysom i kosten, men opptil 25 centimeter. Denne er frå det fyrste kullet Pure Lobster alar opp, og ho har fått namnet Josefine. Foto: Dag Hellesund.

Utprøving

I førre veke fekk altså selskapet eit solid klapp på skuldra i form av fyrsteprisen i konkurransen Vestlandets beste idé. Med det følgde 500 000 kroner, ein særleg verdifull oppstartskapital for Pure Lobster.

– Me er allereie godt i gang med å skaffa meir kapital til prosjektet ved Flesland, men me kan òg komma oss inn på Universitetet i Bergen sine fasilitetar, men då som del av eit mastergradsstudium, for anten meg sjølv eller ein av dei andre i selskapet, seier Eide. Å ha vunne prestisjetevlinga i konkurranse med forskarmiljø og meir drivne gründerar, meiner han òg vil gjera det lettare å henta meir kapital til krepse- eller hummareventyret, om du vil.

– Eg må seia at eg synest det er veldig inspirerande å sjå korleis austevollingane har satsa og fått resultat innanfor oppdrett, avsluttar Pure Lobsters austevollske alibi.