Anne Cecilie Aarland og Geir Ove Sletten på veg heim med drosje etter treningsøkta. Nokre av brukarane på Selbjørn fysikalske har sagt dei ikkje kjem, dersom dei må leggja ut for reisene sine sjølve for seinare å få dei refunderte.
Anne Cecilie Aarland og Geir Ove Sletten på veg heim med drosje etter treningsøkta. Nokre av brukarane på Selbjørn fysikalske har sagt dei ikkje kjem, dersom dei må leggja ut for reisene sine sjølve for seinare å få dei refunderte.

Endring frå fyrstkomande måndag:

Uroa for drosjerekninga

Brukarar som treng drosje til og frå trening og fysikalsk behandling i Bekkjarvik uroar seg for at dei må tinga reisa, leggja ut og søkja refusjon for sjølve

Fysioterapeut Margareth Økland Larsen har ikkje tid til å hjelpa reisande med å fylla ut refusjonane. I dag brukar ho 40 minutt for å senda inn pasientreiser ein gong i månaden.

– Ei anna side er at eg då måtte handtert personsensitiv innlogging, seier fysioterapeuten. Ho har allereie fått melding frå fleire austevollingar som seier dei ikkje kjem til å komma til timane når dei må kosta reisa sjølv, og gjennom ein kanskje krevjande prosess med å skanna drosjerekninga og legga dette inn på nettstaden helsenorge.

– For mange eldre eller svaksynte kan dette vera vanskeleg, og dei vert avhengige av hjelp frå pårørande. At folk har nære slektningar å hjelpa seg, skal me heller ikkje ta for gitt.

I papiravisa stod det å lesa at endringa trer i kraft frå 1. november. Den rette datoen er fyrstkomande måndag 12. oktober. 

Slik går du fram for å tinga drosje (ekstern lenk).

Uro

Arnt Mehammer er ein av dei som har trena seg til betre livskvalitet. Frå å tidlegare sitja i rullestol, sit han no og trør på ein spinningsykkel.

– Eg klarar papirarbeidet, men det vert veldig mykje meir styr enn tidlegare, seier mannen som trenar mån-, ons-, og fredagar ved senteret. I tillegg går han på jobb ved Austevoll ASV.

Fysioterapeut Økland Larsen uroar seg over dei som kanskje ikkje møter når ordninga går ut på måndag, mistar eit tilbod som gjev dei dokumentert betre helse.

– Det gjeld grupper som hjarte- og lungesjuke, slik som dei som slit med kols.

Medan drosjane tidlegare kunne ta fire og fire pasientar med samkøyring, er talet under koronarestriksjonane nede i to. Medan Mehammer og ei selbjørnskvinne er i gang med innsatsen sin, ventar Anne Cecilie Aarland og Geir Ove Sletten på Arne Kalve som skal henta dei i drosjen sin.

– Me er veldig nøgde med ordninga slik ho er i dag, seier Sletten, som er svaksynt og truleg vil vera blant dei som har utfordringar med å fylla ut skjema etter drosjeturen.

Anne Cecilie har slutta å køyra bil sjølv, og treng drosje fir å komma seg til treninga, som ho seier gjev henne godt utbytte i kampen mot den kroniske lungesjukdomen ho slit med. Noko vanskar med å tinga og søkja drosjerefusjon reknar ho ikkje med for eigen del.

– Eg håpar det ordnar seg likevel, særleg med tanke på dei eldre som kanskje ikkje har råd til å leggja ut, seier ho til Marsteinen før ho set seg i den svarte taxien til Kalve.