Kommuneoverlege Inger C. Uglenes stadfestar overfor lokalavisa at to personar frå Austevoll er smitta av covid-19.
– Seint fredag fekk me inn dei positive prøveresultata. Personane var allereie i karantene, grunna nærkontakt med ein smitta i nabokommune, skriv Uglenes til Marsteinen.
Dette skjer samstundes som det er rekordhøg smitte i Bergen og styresmaktene vurderer strengare smitteverntiltak.