Den miljøpolitiske talsmannen i partiet seier til Bergens Tidende at regjeringa løyver 100 millionar kroner på deling til alle fylka til satsinga på miljøvennlege fartøy i passasjer- og ferjetrafikken, men at det samtidig blir kutta 154 millionar kroner i innkjøp av batteriferjer.
Kommunal- og moderniseringsdepartementets fekk i revidert nasjonalbudsjett i år 154 millionar kroner til innkjøp av batteridrivne ferjer i fylka. Desse pengane var eingongsløyving knytt til meirutgifter, ifølgje regjeringa.
– Me står no føre nye ferje- og hurtigbåtanbod i fylka. Nullutsleppsløysingane er litt dyrare i dag. Då må fylka få meir støtte, ikkje mindre, seier Haltbrekken.
Høgres Liv Kari Eskeland er heilt usamd i reknestykket til Haltbrekken.
– Å kalla dette for eit kutt fell på si eiga urimelegheit. Ei eingongsløyving er ei eingongsløyving, seier Eskeland. Ho sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
– Me har styrkt båt- og ferjefylka dei siste åra, seier Eskeland og peikar på at dei 100 millionar kronene er ein del av rammetilskotet til fylkeskommunane og derfor ein varig auke av inntektsnivået.
(©NPK)