Bilisten med den høge farten hadde prøvetid, og dermed auka prikkbelastninga til det doble. Også pengesummen som den unge føraren måtte ut med svei: 10.200 kroner. Likevel var han slett ikkje åleine om den høge farten i 80-sona. Fire andre trafikkantar som fekk mindre førelegg og to prikkar hadde fart mellom 96 og 108 km/t.
Ta omsyn til mjuke trafikkantar
Politibetjent Svein Storebø, trafikkansvarleg i Austevoll-politiet reagerer på den høge farten.
– Dette er eit område som vert nytta av mange mjuke trafikkantar, og kontrollen vår var tidleg om ettermiddagen. Me har vore ute og oppmoda folk om å vera langt mindre aggressive i køyringa si. Då er dette resultatet skuffande, seier Storebø og lovar intensivert fokus på høg fart.
– Det vert fleire kontrollar framover.
Seinare på ettermiddagen kneip dei to trafikkantar med høg fart over Haugland, begge målte til 70 i 60-sona.
Torsdag vart seks sjåførar stogga tidleg ettermiddag i 50-sona ved Kalvaneset på Selbjørn. Her var høgaste fart målt til 69 kilometer i timen.