Nils T Bjørke er ein av forslagsstillarane frå Senterpartiet. Foto: Senterpartiet
Nils T Bjørke er ein av forslagsstillarane frå Senterpartiet. Foto: Senterpartiet

Senterpartiet vil ha lågare ferjeprisar

Senterpartiet har i Stortinget fremja forslag om lågare prisar på ferje og båt.

– I store delar av Vestland er mange heilt avhengig av å nytte ferjer i kvardagen. Med dagens regjering har ferjeprisane skote i vêret. No må staten sørgje for lågare prisar for alle som må bruka sjøvegen i dagleglivet, seier Nils T. Bjørke og Liv Signe Navarsete i ei pressemelding frå Senterpartiet.

Senterpartiet sitt forslag omfattar mellom anna å redusere forskotssummen for innbetaling til Autopass for ferje, og utgreiing av makspris for båt og ferjebillettar.

– Regjeringa har ikkje prioritert kystfylka, og prisauken for ferjene er eit resultat av dette. Regjeringa har pålagt fylka enorme investeringar i nye båtar og ferjer, utan å kompensere for det. Taparen blir då folk langs kysten som må betala skyhøge billettar. Staten må på bana med midlar slik at ein får lågare prisar for alle som er avhengige av sjøvegen i kvardagen, seier Navarsete.

<p>(©NPK)</p>